Gunhild Berge Stang blir statssekretær for Abid Raja

Fylkestingspolitikar Gunhild Berge Stang (V) er konstituert som statssekretær for kultur- og likestillingsminister Abid Raja. Foto: Silje Hjelle Strand / NPKFylkestingspolitikar Gunhild Berge Stang (V) er konstituert som statssekretær for kultur- og likestillingsminister Abid Raja. Foto: Silje Hjelle Strand / NPK

Fylkestingspolitikar i Vestland Gunhild Berge Stang (V) hadde denne veka første arbeidsdag som statssekretær for kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V).

– Den første dagen har vore rimeleg hektisk. Det har rett og slett gått i eitt, seier Stang, som i løpet av første arbeidsdag likevel fann nokre ledige minutt til eit intervju.

Stang fortel at ho som statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet får arbeide med eit felt som står ho nær.

Draumesituasjon

– Eg har i heile mitt yrkesaktive liv jobba i kultursektoren før eg vart heiltidspolitikar i 2015. Det er heilt klart denne sektoren eg føler meg mest heime i, seier Stang til Nynorsk pressekontor.

– Å få jobbe med kulturpolitikk på nasjonalt nivå er ein draumesituasjon når ein er så interessert i det, legg ho til.

Fylkespolitikar

Stang vart vald til ordførar i Fjaler kommune i 2015, eit verv ho hadde fram til kommunevalet i 2019. Den siste tida har ho arbeid i fylkespolitikken. Ho var Vestland Venstre sin fylkesordførarkandidat og har sete som fylkestingsrepresentant i Vestland.

Før ho vart heiltidspolitikar, arbeidde ho blant anna som kultursjef i Bremanger.

Kultur og frivillig innsats

Stang kan fortelje at også den frivillige delen av kulturlivet har vore viktig for ho. No gler ho seg til å arbeide side om side med Abid Raja.

– Eg er veldig takknemleg for denne moglegheita. Kultur og frivillig innsats er noko eg verkeleg er oppteken av og har erfaring frå, blant anna frå Noregs Ungdomslag og målrørsla.

Gunhild Berge Stang er utdanna arkeolog og er busett i Dale i Fjaler. Dermed må ho belage seg på ein pendlarkvardag framover.

– Det blir nok ein del pendling framover, heimstaden skal framleis vere Fjaler, forsikrar ho. (©NPK)

Utskrift E-post