Blanda reaksjonar på forslag til språklov

– Det er ein gledesdag, sa kulturminister Abid Raja då han tysdag presenterte forslaget til norsk språklov. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK– Det er ein gledesdag, sa kulturminister Abid Raja då han tysdag presenterte forslaget til norsk språklov. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK

– Ingenting å feire, seier leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag om forslaget til språklov som kulturminister Abid Raja (V) la fram tysdag.

Raja sjølv var derimot stolt over å få leggje fram det epokegjerande lovforslaget, og det på dagen 135 år etter stortingsvedtaket om å jamstille bokmål og nynorsk i Noreg.

– Dette er ein gledesdag. I dag skriv vi språkhistorie, sa Raja under presentasjonen.

Med språklova får Noreg for første gong ei samla lov som styrer den offentlege språkpolitikken. Det betyr mellom anna ei strengare linje for namngiving av offentlege organ og verksemder. Dei må etter forslaget ha norske namn i tråd med norsk rettskriving og namneskikk.

Språkrådet skal gi råd om slike namn, medan departementet framleis skal ha det siste ordet.

Den nye regelen får likevel ikkje tilbakeverkande kraft, noko som betyr at institusjonar som Oslo Metropolitan University (Oslomet) kan behalde namna sine.

Fylkeskommunane får nye krav

Offentlege organ får òg eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. I tillegg skal fylkeskommunane no få eit krav om å svare på brev og meldingar på målforma til avsendaren – eller skriftspråket, som det heiter i framlegget. Nemninga målform blir dermed historie.

Klarspråk er òg eit krav i lovframlegget. Raja meiner koronapandemien og stenginga av Noreg har understreka kor viktig det er at det offentlege bruker eit tydeleg språk.

– I den krisesituasjonen vi er inne i no, har fleire enn eg vorte ekstra merksame på kor viktig eit godt og klart norsk språk er for tillit og informasjonsflyt mellom innbyggjarane, fagpersonar og styresmakter, seier Raja.

Ingen sanksjonar

Sjølv om mange i høyringsrunden etterlyste sanksjonar for å bryte lova, vil regjeringa heller prøve å ta det med det gode og «arbeide systematisk og på fleire måtar for å sikre etterleving av lova», mellom anna gjennom rettleiing og tilsyn frå Språkrådet.

Språkrådet får utvida mandat som forvaltningsorgan for staten i språkspørsmål og skal føre tilsyn med korleis statsorgana etterlever reglane, og rettleie det offentlege om korleis dei ulike språka kan fremjast.

I forslaget til språklov blir også dei samiske språka anerkjende som likeverdige med norsk. I tillegg er det krav om at offentlege organ skal verne kvensk, romani og romanes.

Norsk teiknspråk skal òg anerkjennast som nasjonalt teiknspråk.

Blanda mottaking

Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum er godt fornøgd med forslaget, men med atterhald om god oppfølging.

– Om denne lova blir følgd opp av det offentlege Noreg og supplert med viktige tiltak i statsbudsjetta framover, går språkmangfaldet ei lys framtid i møte, seier Solholm. Omsynet til mindretalet er meir synleg i lovteksten enn i den praktiske språkpolitikken, meiner han og krev tiltak som kan gjere nynorsken meir synleg.

Leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag er derimot ikkje begeistra for forslaget.

– Den nye språklova vil ikkje gje det løftet for nynorskbrukarane vi hadde grunn til å håpe. På nokre område vil lova faktisk kunne svekkje vilkåra for nynorsken. Det er ikkje noko å feire, seier Hauge.

Hauge peikar særleg på at regjeringa no vil leggje ansvaret for å skrive på både bokmål og nynorsk på statsorgana sjølve og ikkje lenger på dei tilsette.

– Det er vanskeleg å sjå korleis ein skal nå målet om å styrkje nynorsken som det minst brukte språket, samtidig som ein foreslår eit regelverk som i ytste konsekvens gjer at berre ei handfull personar i kvart statsorgan treng å meistre begge dei to jamstilte norske språka, seier Mållags-leiaren.

Hauge set no sin lit til at Stortinget får rydda opp i det nye lovforslaget.

<p>(©NPK)</p>

Utskrift E-post