LNK prøvde ut digitalt «På sakslista»-kurs: – Heilmaks!

Jostein Avdem Fretland (nede til venstre) og Dagrun Gunnarson (nede til høgre) i samtale i Teams. Foto: skjermdump med løyveJostein Avdem Fretland (nede til venstre) og Dagrun Gunnarson (nede til høgre) i samtale i Teams. Foto: skjermdump med løyve

I fleire år har Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) arrangert språkkurset «På saklista». No er det første digitale kurset gjennomført.

 

– Det var heilmaks og kjempenyttig! seier Dagrun Gunnarson, personalsjef og leiar for fellestenester i Fedje kommune.

Ho tok initiativ til at kurset som var planlagt på Fedje under koronastenginga blei gjennomført digitalt over Teams.

Jostein Avdem Fretland og Jan Olav Fretland haldt kurset over to dagar på Teams. 

– Eg synest det gjekk veldig fint. Det var nesten akkurat som eit vanleg kurs, seier kurshaldar Jostein Avdem Fretland, og seier han er overraska over kor liten forskjell det var mellom vanlege kurs med fysisk oppmøte og det digitale kurset.

– Ekstremt nyttig kurs

Dagrun Gunnarson seier ho er overraska over kor nyttig og konkret kurset var. På saklista-kurset handlar både om å skriva betre og meir korrekt nynorsk, men det handlar òg om klarspråk. Deltakarane sender inn eigne tekstar for å få tilbakemeldingar.

– Me hadde ganske lite tåkeprat, men me blei obs på eigne feil på nynorsk, seier Dagrun Gunnarson, og legg til at det er fleire tilsette i kommunen som ikkje har nynorsk som sitt førstespråk.

– Innhaldet i kurset var ekstremt nyttig, og eg har fått veldig gode tilbakemeldingar frå dei andre deltakarane. I tillegg sit me igjen med nokre standardtekstar som er betre enn dei me hadde.

Enkelt med chat

Dei kring femten kursdeltakarane frå Fedje kommune fekk jobba i grupper, og kommuniserte både via video og i chatfunksjonen.

– Me opplevde at det var enklare å få til samtale på chaten, og konkluderer med at fleire av dei som ikkje er så komfortable med å ta ordet i plenum, tar ordet i Teams over chaten, seier Jostein Avdem Fretland.

Dagrun Gunnarson synest det blei ein koseleg og god dialog med chaten.

Ein annan fordel som dei opplevde i Teams var at lenkjer til ressursar kan delast og bokmerkast fortløpande.

Vil jobba med å utvida kurset

LNK og Fretland & Fretland vil no jobba vidare med å utvida kurset og leggja til rette for nye kurshaldarar, og laga til eit meir straumlinjeforma teknisk opplegg.

Dagrun Gunnarson vil tilrå fleire digitale kurs.

– No har me hatt ein tvangsdigitalisering av offentleg sektor som det gjeld å bygga vidare på, så no er tida inne for fleire digitale kurs, seier ho.

Utskrift E-post