Miljøstøtte til Framtida Junior frå Vestland fylkeskommune

Christian Wiik Gjerde, Janne Nerheim og Svein Olav B. Langåker i Framtidajunior.no-redaksjonen.Christian Wiik Gjerde, Janne Nerheim og Svein Olav B. Langåker i Framtidajunior.no-redaksjonen.

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve til alle sjetteklassingar i Vestland.


No har Vestland fylkeskommune bestemt å støtta tiltaket med 50.000 kroner.

– Me er veldig glade for støtta frå fylkeskommunen, og ser på det som ei anerkjenning av arbeidet vårt for å visa fram og auka engasjementet til barn og unge, seier redaktør Svein Olav B. Langåker i Framtida Junior.

På kursa vil barn på mellomtrinnet få kurs i å laga skuleavis og tips til lokale klima- og miljøtiltak som dei kan undersøka og skriva om.

Framtida Junior vil òg laga til ei miljø-utgåve som blir sendt ut til alle dei kring 8000 sjetteklassingane i Vestland no i haust.

– Målet vårt med prosjektet er å bidra til å auka og visa fram miljøengasjementet til barn og unge i heile fylket og bidra med kunnskap til barn og unge om miljøutfordringar og miljøløysingar og korleis dei kan delta og bidra, seier Langåker.

Framtida Junior er verdas einaste nynorske avis for barn mellom 7-13 år, og blir gjeve ut av Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Nettutgåva har opplevd ei dobling av trafikken i vår, og papirutgåva har også opplevd ein auke i talet på abonnentar.

 

Annonse:

Gåvetips: Abonnér på den nynorske papiravisa for alle barn!

Utskrift E-post