54 prosent av ungdommane vil ikkje ha røysterett for 16 - åringar

Mot3Mot3

Røysterett for 16 - åringar, ungdomskort og Tau - sambandet sto på dagsorden under Garborgsenteret sin valdebatt på måndag. Her fekk elevar frå Sauda, Strand og Bryne vidaregåande grilla politikarane.

Debatten er er ein del av valprosjektet Mot til å meina som blant anna er støtta av Kommunal - og regionaldepartementet.

138 elevar ved Bryne, Strand og Sauda vgs har delteke i ei kartlegging som Garborgsenteret har gjennomført om politisk engasjement. Kartlegginga viser blant anna at 54 prosent av dei spurde meiner 16 - åringar ikkje er modne nok til å stemme ved val. Likevel ville 65 prosent stemt i dag hadde det vore val. 37 prosent av ungdommane har svart dei ikkje er interesserte i politikk, medan halvparten oppgir at dei har sete i elevråd gjennom skulegangen sin.

Resultatet av kartlegginga var grunnlag for ein paneldebatt som valprosjektet Mot til å meina gjennomførte i går i Storstova på Bryne. Elevar frå Bryne, Strand og Sauda vgs grilla politikarane og krevde svar på alt frå røysterett for 16 - åringar til fleire ferjer i Tau - sambandet. Prosjektet Mot til å meina har som mål å auke den politiske interessa og deltakinga blant unge under 26 år. Det er Garborgsenteret på Bryne som driv prosjektet som skal gå fram til 2011. Prosjektet er blant anna støtta av kommunal - og regionaldepartementet.

mot2mot2I paneldebatten i går deltok kommunal - og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), Bent Høie (H), Gunnar Kvassheim (V), Tore Nordtun (Ap), Ingrid Fiskaa (SV), Morten Borgli (Frp) og Jan Gunnar Mattingsdal (KrF).

Det var elevane som hadde laga spørsmål og tema til politikarane, det var også dei som grilla politikarane med aktuelle spørsmål.

- Kvifor meiner du Magnhild Meltveit Kleppa at 16 - åringane ikkje er modne nok til å stemme ved val, når me i ei kartlegging fann ut at over halvparten av elevane ved dei tre skulane som me kjem frå meiner at dei sjølve ikkje er modne nok, var eit av spørsmåla frå utspørjarane Kristina Haugen, frå Bryne vgs og Kjell - Petter Hetland frå Strand vgs.

- Eg håpar at eit prøveprosjekt med røysterett for 16 -åringar i utvalde kommunar ved neste lokalval blant anna kan auke valdeltakinga, meinte Magnhild Meltveit Kleppa.

Både panelet og publikum i salen var splitta i spørsmålet om røysterett for 16 - åringar. Valdeltakinga for dei mellom 18 og 26 år i Time, Strand og Sauda var under 40 prosent i lokalvalet for fire år sidan.

Ungdommane stilte også blant anna spørsmål om digitale lærverk, om korleis lærarane kunne bli meir kompetente på digitale løysingar, om det er mogleg å få sertifikatet som valfag på vidaregåande, kvifor FrP ynskjer å legge ned Lånekassen og om dobbeltsporet til Eigersund blir klart innan 2015.

Heile vegen gav Arne Jensen i Norsk Redaktørforening og forlagsdirektør i Det Norske Samlaget, Tove Lie sine ekspertkommentarar på korleis politikarane klarte seg. Dei meinte politikarane klarte seg godt, trass i nokre tilfelle der panelet kanskje ikkje klarte å svare på spørsmåla dei fekk.

Utskrift E-post