- Haldningsendring må til

Ferge og fjordFerge og fjord

Folk flyttar frå byen til nabokommunar med god økonomisk utvikling. Det pressar nynorsken, meiner Oddvar Skre.

– Vi ser stor overgang frå nynorsk til bokmål i ungdomsskulen, seier Oddvar Skre, skulemålsansvarleg i Hordaland Mållag.

Han gir døme ved å vise til nabokommunar rundt Bergen, som Askøy, Lindås og Fjell. Han gir innflyttinga frå Bergen ein stor del av skulda for at nynorsken i desse kommunane no er på vikande front. Brubygging og oljeverksemd er blant årsakene til at bergensarar finn det attraktivt å flytte ut i distriktet.

– Vi ser til dømes at språkpresset på Askøy auka då bompengane mellom Bergen og Askøy forsvann, forklarer Skre.

Nynorsk blir framandspråk

Biletet er likevel ikkje eintydig.

– Andre plassar, som i Os kommune, ser nynorsken ut til å halde seg, føyer han til.

– Kva går tapt i dei kommunane som gir etter for bokmålspress?

– Elevane får bokmål som førstespråk. Dermed lærer dei ikkje nynorsk før i åttande klasse. Dei får då nynorsk som framandspråk, sjølv om dei har mest nynorsk i dialektane sine.

Skre meiner det må ei haldningsendring til. Mange foreldre har negative haldningar til nynorsk frå eiga undervisning.

– Det finst ei generelt negativ haldning til nynorsk i ein del lokalmiljø i Bergen, meiner Skre, og føyer til at han merkar ei endring: mange bergensarar er meir positive no.

Arrangerer temadagar

Skre trur betre sidemålsundervisning i grunnskulen og den vidaregåande skulen, samt betre norskundervisning på lærarhøgskulane kan vere med og løfte nynorsken. Mindre grammatikk og meir litteratur kan vere løysinga. Ved å lese vanleg prosa på nynorsk får ein eit naturleg forhold til språket, meiner Skre. Han fortel at på enkelte bokmålsskular let dei alle lærebøkene i eitt fag vere på nynorsk, noko som gjer at dei merkar endring i haldninga til språket.

I Målungdommen har dei no tilsett ein ungdomsskrivar som skal reise rundt på skulane og arrangere temadagar om nynorsk. Dette håpar Skre kan vere med på å motverke overgangen til bokmål i åttande klasse.

Utskrift E-post