Målpris til Linda Eide


Journalist Linda Eide får Målprisen til Hordaland Mållag for 2010.

– I dei mange programma ho har laga for NRK har ho synt at Vossa-målføret og nynorsk er ypparlege reiskapar i ei frodig journalistisk verksemd der det er plass til det meste, heiter det i grunngjevinga.

Målprisen frå Hordaland Mållag 2010 er eit målarstykke av biletkunstnaren Liv Jorunn Skjold: "Jenter på trapp i Havråtunet".

– Linda Eide er uvanleg iderik og særs allsidig, ho spelar på mange og ulike talentstrenger og typisk for henne er eit usliteleg humør, humor, sjølvironi, det skeive blikket, dei uventa vinklingane og dei overraskande hendingane. Kort sagt ho er eit nynorsk idol, seier Einar Ådland, leiar i Hordaland Mållag i ei pressemelding.

Linda Eide er fødd og oppvaksen på Voss og er 41 år. Ho tok eksamen ved Norsk Journalisthøgskule i 1990, og seinare har NRK vore arbeidsplassen hennar. I 1996 studerte ho litteraturvitskap ved NTNU. Ho har vore programmedarbeidar i ulike avdelingar i NRK, mellom anna P3 i 1993 og frå 1998 i NRK P1 Norgesglasset og NRK Fjernsynet. Sidan 2007 har ho vore programleiar i serien ” Norsk attraksjon” på NRK Fjernsynet.

 

 

Utskrift E-post