MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Ikkje nok nynorsk i NRK
tysdag 08. juni 2010 13:32    PDF Skriv ut E-post
Ikkje nok nynorsk i NRK

NRKSuper

NRK innfrir ikkje kravet til at minst 25 prosent av innhaldet på TV og i radio skal vere på nynorsk. Det slår Medietilsynet fast etter å ha vurdert NRK sin årsrapport for 2009.

I NRK sine vedtekter heiter det at NRK sitt tilbod skal vere hovudsakleg på norsk, at båe målformene skal nyttast og at minst 25 prosent av innhaldet skal vere på nynorsk. Tal frå NRK syner at P1 har 26 prosent nynorsk, P3 har 24 prosent og P2 har 23 prosent nynorsk.  For TV gjeld desse tala: NRK1 har 24 prosent, NRK2 17 prosent, NRK3 og NRKSuper har høvesvis 17 og 16 prosent. Samstundes peiker NRK på at nynorsk og dialekt er prioritert i dubbing av serier for barn.

Medietilsynet viser til at den totale bruken av nynorsk i NRK har auka i 2009, men det er framleis for lite. Berre P1 klarer å oppfylle krava om minst 25 prosent nynorsk. Vidare peiker tilsynet på at 25 prosent-regelen gjeld på alle NRK sine plattformar, slik at også innhaldet på internett er underlagt dette kravet. Per i dag finst ikkje statistikk for bruk av nynorsk på nrk.no.

NRK får elles ros for å ha god distriktssatsing og for å ha mange program på norsk. Mellom anna er 80 prosent av innhaldet på barnekanalen NRKSuper på norsk.

Meir om rapporten kan du lese hjå Medietilsynet.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert ( tysdag 08. juni 2010 13:47 )
 

– Treng nye kanalar for engasjert ungdom

News image

– Ungdom er framleis engasjert i politikk, men det trengst nye kanalar for å fanga opp det politiske engasjementet deira. Det meiner forskar Guro Ødegård.

Les meir

Klar til å lenke seg fast

News image

Synnøve Kvamme (19) har kjempa for heimbygda si, Granvin, i fem år. Regjeringspolitikarane har ho lite til overs for.

Les meir

Nytt frå Noreg

Nytt frå distrikta

  • Vipers går for siger i serieopninga
    Vipers Kristiansand-kaptein Lindy Taraldsen trur laget er sterkare enn i fjor. Søndag sesongopnar Vipers borte mot Levanger i eliteserien i handball.
  • Ikke rekruttskole på Kjevik?
    Forsvarets rekruttskole på Madla i Stavanger skulle avvikles innen 2013 og virksomheten skulle flyttes til Kristiansand og Bergen. Nå kan forsvarsminister Grete Faremo komme til å revurdere hele flyttingen.
Kopirett © 2010 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51