MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Sommarsnakk med Mariell Øyre
tysdag 06. juli 2010 10:06    PDF Skriv ut E-post
Sommarsnakk med Mariell Øyre

Hjartesmil

Hjartesmilbloggaren finn språkleg inspirasjon i alt frå film og bilete til Frode Grytten.

Namn: Mariell Øyre

Alder: 20

Yrke/driv med: studerar kunstfoto, er redaktør og bloggar på Hjartesmil

Skal bruke sommaren til: å lesa bøker på ein grasplen i Ungarn, drikka rosévin og passa på min nyopererte far.

- Kvifor bloggar du?

- Det er fint med ein plattform der ein kan uttrykka seg utan å ha noko filter anna enn seg sjølv, der eg kan skriva om alt eg vil og få det publisert umiddelbart, der eg kan få feedback på bilder og idéar til magiske ting.

- Du bloggar på nynorsk. Kva stimulerer språket ditt?

- Eg har eit ganske flytande nynorsk, veldig munnleg og eg bryr meg ikkje så veldig om kva som er rett og gale ifølgje ordbøkene så lenge det høyres rett ut i hovudet. Derfor kjem det kanskje ikkje som ei stor overrasking at Frode Grytten er ein av mine største inspirasjonskjelder, og eg skulle av og til ønska han kunne sitta på ein stol ved pulten min heile dagen og berre skriva og ved slutten av dagen fekk eg lesa og ha alt for meg sjølv. Eg er oppteken av å ha eit tilgjengeleg språk som ikkje er vanskeleg å lesa for folk som ikkje er fra område der dialektane ligg nær nynorsk. Ellers ser eg ord og inspirasjon i alt, ikkje berre bøker. I film og i bilete og i dusjen og under føtene, det er ganske fint sånn sett.

- Stiftinga Fritt Ord har nyleg bestemt seg for å gi 2,5 millionar kroner til norske bloggarar. Kva synest du om det?

- For meg personlig er det desverre ikkje så stort sidan Fritt Ord nok ikkje er så interesserte i kva eg gjorde i parken sist fredag eller kor forelska eg er. Men eg syns det er bra at bloggverda endeleg blir anerkjent som noko anna enn produktplassering og skattetrøbbel og at det blir sett fokus på den delen av bloggverda som jobbar med viktige emne.

- Kan du anbefale eitt par gode bloggar? Kva er bra med dei?

- http://martotopia.blogg.no - raudprikka bergensjente som skriv om second hand og vintage og om å finna glede i botnen av tekoppar og hylleblomstsaftflasker. Også skriv ho på nynorsk, da.

http://kvalogactionfilm.blogspot.com/ - to venninner som bloggar saman som nylig har blitt gjenforent etter at Heidi(nynorsk) har budd lenge i Paris og Caroline(bokmål) i Oslo. Handlar om å tryna på sykkel fordi ein har kjærleikssorg og om å sova i skei. Og veldig mykje anna.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert ( tysdag 06. juli 2010 10:18 )
 

Vil ha eigen kystoffensiv

News image

Stortingspolitikarar på tvers av benker og komitear går no saman i ein eigen allianse som skal tale kysten si sak.

Les meir

– Treng nye kanalar for engasjert ungdom

News image

– Ungdom er framleis engasjert i politikk, men det trengst nye kanalar for å fanga opp det politiske engasjementet deira. Det meiner forskar Guro Ødegård.

Les meir

Klar til å lenke seg fast

News image

Synnøve Kvamme (19) har kjempa for heimbygda si, Granvin, i fem år. Regjeringspolitikarane har ho lite til overs for.

Les meir

Bjørnsonstipendet til Sigmund Løvåsen

News image

Forfattar Sigmund Løvåsen får Bjørnsonstipendet 2010.

Les meir

Nytt frå Noreg

  • - Viktigst at det ikke gikk liv
    Å se rasstedet i Lyngen gjorde et mektig inntrykk på olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp).
  • EU vil straffe økonomiske syndere
    TØFFERE: EU vil straffe de som ikke har ryddig økonomi. Her er sjefen for den europeiske sentralbanken, Jean-Claude Trichet (venstre), her i samtale med Belgias finansminister Didier Reynders (midten) og Luxembourgs statsminister Jean-Claude Juncker. Foto: JOHN THYS/AFP
  • - Hellas har ikke penger
    Forvalter mener konkursrisikoen for Hellas er overhengende og forventer enorm gjeldsbyrde fremover.
  • Strid om borgerlig samarbeid i Oslo
    Bare timer etter at Carl I. Hagen (66) lanserte seg selv som ordførerkandidat for Fremskrittspartiet ved kommunevalget i 2011, avslår Høyre invitten til et borgerlig samarbeid før valget.
  • Kjenner seg ikke igjen i Gjedrem-utspill
    - IKKE PASSIVISERT: Administrerende direktør Arne Hyttnes i Finansnæringens fellesorganisasjon (FNO) reagerer på sentralbanksjefens beskrivelse av banknæringen. Foto: Josefsen, Jon-Michael
  • Lysere utsikter for Madlaleiren
    Forsvarsminister Grete Faremo (Ap) vil gå inn for revurdering av vedtaket om å legge ned rekruttskolen i Stavanger.
  • Hagen vil bli ordfører i Oslo
    Fremskrittspartiets mangeårige formann Carl I. Hagen (66) sier ja til å stille som partiets ordførerkandidat i Oslo.
  • Carl I. Hagen gjør comeback
    Carl I. Hagen gjør comeback som lokalpolitiker, etter at han for to år siden sluttet som stortingsrepresentant.
  • Hagen vil bli ordfører i Oslo
    Fremskrittspartiets mangeårige formann Carl I. Hagen (66) sier ja til å stille som partiets ordførerkandidat i Oslo.
  • Hagen vil bli ordfører i Oslo
    Fremskrittspartiets mangeårige formann Carl I. Hagen (66) sier ja til å stille som partiets ordførerkandidat i Oslo.

Nytt frå distrikta

  • Nekter de ansatte tarifflønn
    Bedriften Bekken og Strøm i Gjøvik vil ikke gi de ansatte tarifflønn. 30 av de 83 ansatte ved sko- og klesprodusenten har nå organisert seg for å få orden på arbeidsforholdene.
  • Lanzinger har krav på erstatning
    Alpinisten Matthias Lanzinger, som ble hardt skadet i et worldcup-renn i Kvitfjell i Ringebu i 2008, har krav på erstatning etter behandlingen han fikk på Ullevål sjukehus.
Kopirett © 2010 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51