|
||||
| Eiga nasjonalforsamling for ungdom |
|
No skal ungdommen få si eiga nasjonalforsamling, og den første skal finne stad i september. Kvart fylke har blitt invitert til å sende to representantar kvar. Ungdommane skal gje innspel til regjeringa på korleis dei opplever landet sitt og kva dei vil ha annleis. Det er Barne- og ungdomsrådet i Oslo (BURO) og Barneombodet som har sett dette tiltalket i verk etter at Ungdommens Bystyre i Oslo etterlyste ein nasjonal arena for ungdom. Ungdommane skal få leggje fram og stemme over einskildsaker som dei ønskjer at politkarane skal ta stilling til. Dette skal og vere eit høve for å vise styresmaktene korleis ein kan leggje til rette for at barn og ungdom kan påverke på eit nasjonalt nivå. - Vi vil vise at det ikkje er vanskeleg å høyre på ungdom, og at samfunnet har nytte av meningane deira, seier barneombod Reidar Hjermann på barneombodets heimesider. Ungdommane blir valde frå medverkingsorgan som allereie finst i kommunar og fylke over heile landet.
|
| Sist oppdatert ( tysdag 20. juli 2010 09:29 ) |













Bergenpuls har arrangert novelle - konkurranse på Twitter. Vinnarnovella var 131 teikn lang, skrive av profilen CosmoEgil. Mystisk og gåtefull er karakteristikken til juryen - som besto av Hilde Sandvik, Erik Fossen og Helge Torvund. Her er novella: