Allkunne truar Wikipedia med søksmål

Audhild Gregorius Rotevatn er dagleg leiar for nettleksikonet Allkunne. (Foto: Bjørn Vatne / I&M)Audhild Gregorius Rotevatn er dagleg leiar for nettleksikonet Allkunne. (Foto: Bjørn Vatne / I&M)

Nettleksikonet Allkunne meiner Wikipedia har plagiert deira artiklar. No truar dei med søksmål.

Det var i slutten av november i fjor at ein av forfattarane i Allkunne fann ein artikkel på Wikipedia som var kopiert nesten i sin heilskap frå hans eigen, fortel Aftenposten i dag. Stikkprøvar har sidan vist at dette gjeld fleire saker kor Wikipedia-artiklar har direkte sitat frå Allkunne utan å oppgje kjelde. Etter det LNK-nytt kjenner til gjeld dette både bokmåls- og nynorskutgåva av Wikipedia.

– Vi kan dokumentere at Wikipedia har publisert rein avskrift frå Allkunne. Dette er brot på norsk lov og må få følgjer, seier dagleg leiar og redaktør for Allkunne, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn til Aftenposten.

Advokat Hans Marius Graasvold har no sendt brev på vegner av Allkunne til Wikipedia-administrasjonen i Noreg med krav om 75 000 kroner i erstatning. Graasvold seier at sjølv om det er brukarane som skriv på Wikipedia som har ansvaret for det dei publiserer, så har også utgjevaren eit medansvar for det som blir gitt ut.

Utskrift E-post