Ugreie med namn

Arbeiderpartiet på Finnøy trudde det var ein smal sak å kalle seg Det Norske Arbeidarparti, sidan dei bruker nynorsk i alle andre samanhengar. Men det kan dei ikkje.

Listene til kommunestyrevalet til hausten er levert inn og kommunane rundt om i landet jobbar no med å førebu dei til valet. På Finnøy oppdaga ein kommunalt tilsett at det ikkje var heilt greitt for lokallaget å kalle seg Arbeidarpartiet. Parti-namnet er eit eigennamn, og Arbeiderpartiet har i dag ikkje to former som kan brukast, slik til dømes Høgre har.

– Eg føler det blir heilt feil å stå på ei liste med eit bokmålsnamn, seier Ottar Sandanger i Finnøy Arbeiderparti til LNK.no. Han vedgår at partiet ikkje har hatt dette i tankane tidlegare, og han er ikkje sikker på kva som har stått på listene tidlegare: partinamnet med a eller e. Men det er den nynorske varianten dei ønskjer, slår han fast.

Den kommunetilsette på Finnøy som jobbar med listene har ifølgje lokalavisa Øyposten vore i kontakt med både partiet sentralt og Språkrådet for å få klarlagt korleis dette ligg an. Båe plassar får han same svar: Arbeiderpartiet er eit eigennamn som ein ikkje kan endre på slik ein sjølv vil. Partiet må sjølv vedta å ha to former av namnet viss ein skal kunne velje. "Navnet er per i dag ikkje tilpassa at det er to offisielle målformer i Norge. Av den grunn er det ikkje høve til å nytta ein nynorsk versjon", skal vere det ofisielle svaret frå Arbeiderpartiet, ifølgje Øyposten.

No vil ikkje Ottar Sandanger signalisere noka flukt frå partiet på grunn av denne saken.

– Vi har ikkje drøfta dette i partiet, men eg er sikker på at vi skal få til ei bra løysing på det til slutt, seier han.

 

Utskrift E-post