Wikipedia blir samla på ein portal

SkjermbileteSkjermbilete

Frå i morgon kan du velja om du skal søkje på bokmål, nynorsk eller samisk på wikipedia.no. – Dette blir ein merkedag for nynorsk Wikipedia, slår styreleiar i Wikimedia Norge, Jarle Vines, fast.

Det blei vedtatt på årsmøtet til Wikimedia i april i år at bokmål, nynorsk og samisk skulle samlast på ein portal.

- At wikipedia.no peikar på bokmålsutgåva impliserer at Wikipedia på bokmål er ‘Wikipedia på norsk’. Med tanke på at det eksisterer tre ulike språkversjonar av Wikipedia retta mot Noreg – samisk, nynorsk og bokmål, så er einaste rimelege løysing at wikipedia.no peikar til ei felles side for desse tre, blei det uttala i debatten på årsmøtet.

Wikipedia på bokmål har i dag over 310 000 artiklar og er den mest besøkte kunnskapsnettstaden i Noreg. Wikipedia på nynorsk har eksistert sidan 2005, har over 72 000 artiklar og er dermed den mest omfattande kunnskapsnettstaden på nynorsk. Samisk Wikipedia er det minste av dei norske Wikipedia-prosjekta og har i overkant av 3 600 artiklar. Samisk Wikipedia er det einaste oppslagsverket på samisk, fortel Wikimedia Norge i ei pressemelding.

- Det er gledeleg at brukarar av wikipedia.no nå får enklare tilgong til utgåvene på nynorsk og samisk. Mange veit ikkje at desse utgåvene eksisterer, og meir trafikk til desse vil igjen føre til auka vekst. Wikimedia Norge er opptatt av å støtte alle Wikimedia-prosjekt, seier styreleiar Jarle Vines i ein kommentar i pressemeldinga.

Vil ha fleire til å bidra

Wikimedia Norge ønskjer at fleire i nynorskmiljøet skal vere med og bidra på wikipedia.no.

- Vi burde hatt fleire bidragsytarar til nynorsk Wikipedia. Vi har vore i kontakt med nynorskmiljøet, men har ikkje fått all verdas respons. Mellom anna har vi vore i kontakt med målungdommen. Viss folk ønskjer å bevare nynorsken og ha ein levande stad der folk bruker nynorsk, må dei engasjere seg. Dei kan ta kontakt med Wikimedia Norge og så får dei kurs og opplæring, oppmodar Jarle Vines.

- Vi har nettopp hatt opplæring av folk i Frp-miljøet og Vi over 60, legg han til.

Utskrift E-post