Har fått hebraisk-nynorsk bibelordbok

Bibel.noBibel.no

Bibel- og språkinteresserte kan no finne hebraisk-norsk ordliste på bibel.no. Ordlista er på nynorsk, og det har vore arbeidd med den i mange år.

Det var Eigil Lehmann (1907 - 2009) som starta arbeidet med ordlista. Lehmann gav også ut Ordbok for Det nye testamentet (1955) og den utvida utgåva Ordbok for Det nye testamentet – nynorsk med tilvising til gresk grunntekst (1988). Han døde før arbeidet med ordlista vart ferdig, men døtrene hans, Frøydis og Caroline Lehmann, tok opp arbeidet. Dei levert ordlista til Nasjonalbiblioteket før jul, og lista er no gjennomgått og tilrettelagt av bibelomstejarar i Bibelselskapet. Manuset, som er handskrive, kan ein sjå i Nasjonalbiblioteket i Oslo, medan ein pdf av lista er å finne på bibel.no.

Utskrift E-post