MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Statkraft slepp å bruke nynorsk
torsdag 26. januar 2012 11:58    Skriv ut E-post
Statkraft slepp å bruke nynorsk

Skjermbilete nettside

Språkrådet ville at Statkraft skulle følgje mållova, men Nærings- og handelsdepartementet lar selskapet sleppe.

Statkraft sine nettsider er det tekstar på både engelsk, franske, tysk og svensk, men ikkje nynorsk. Det fekk nynorskbrukar Erlend Bakke frå Askøy i Hordaland til å klage selskapet inn for Språkrådet og Nærings- og handelsdepartementet (NHD). Bakke meinte Statkraft som eit offentleg eigd selskap måtte følgje lova om målbruk i offentleg teneste.

Språkrådet sende eit brev til Statkraft og NHD i fjor sommar, der dei opplyste om at mållova ikkje gjeld for statseigde aksjeselskap, men dei viste samstundes til at Kulturdepartementet har oppmoda ulike selskap og organ, kor det er tvil om rettstilstanden, til å følgje mållova så langt det er muleg. Språkrådet viste også til at Samferdselsdepartementet har kravd at Posten, Avinor og NSB i all sin kunderetta informasjon skal følgje prinsippa i mållova.

I svarbrevet til Språkrådet skriv NHD: «Statkraft konkurrerer på lik linje med andre kraftselskaper og har ikke offentligrettslige oppgaver i form av makt til å treffe enkeltvedtak eller forskrift. Vi meiner at det også må være klart at heller ikke Statkraft SF er omfattet av loven. Statkraft SF er organisert som et statsforetak og er et selvstendig rettssubjekt finansiert ved å drive økonomisk virksomhet i konkurranse med andre kraftselskap».

NHD peikar på at det er opp til Statkraft og deira styre og administrasjon om dei vil følgje mållova. Dermed slepp Statkraft å lage nynorske nettsider og svare brev på nynorsk med same målform.

– Det er ikkje slik at vi ikkje vil bruke nynorsk, men vi ser ingen grunn til å krevje at dei tilsette brukar det. Hovudkontoret vårt ligg i Oslo, men i regionane der vi er til stades blir det brukt nynorsk, seier pressetalsmann for Statkraft, Knut Fjerdingstad, til Teknisk Ukeblad.

– Det er dessutan slik at konsernspråket i Statkraft blir meir og meir engelsk, fordi vi er eit internasjonalt selskap, legg han til.

 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009