Diktarvegen lagt på is

 

Selskapet Fjordvegen Diktarvegen er lagt på is. No skal ein kartlegge om diktarvegprosjektet er liv laga.

 

Diktarvegprosjektet er lagt sovande enn så lenge, då det ikkje lukkast å finansiera prosjektet. Verken departement eller fylkeskommunane har løvd midlar til prosjeket, trass i forskningsrapporten som viser at dette er eit godt prosjekt, seier Solfrid Borge som er styreleiar i selskapet Fjordvegen Diktarvegen.

Ho meiner organisasjonen har gjort eit tappert forsøk på å få realisert prosjektet utan å lukkast.

– Kanskje har me ikkje vore tydeleg nok i søknadane om midlar til prosjektet. Trur og dei som har vore mottakar av søknadane, ikkje heilt ser for seg koblinga mellom vegmidlar og kulturopplevingar, seier Borge.

– Generalforsamlinga har no bestemt at selskapet vert lagt på is ei stund før me tek endeleg avgjerd om selskapet sin eksistens. Samtidig vil IS Fjordvegen verta aktivisert på nytt, som er ein reindyrka vegselskap. Me hadde stor tru på Diktarvegprosjektet, der ein kunne kombinera opplevingar med vegen. Men slik gjekk det altså ikkje, så no får me ta ein "tenkje-pause".

Styret i LNK eig projektet Diktarvegen og drøfta i sitt siste styremøte om det er grunnlag for vidare drift. Konklusjonen vart at LNK skal ta endeleg stilling til dette på sitt neste styremøte i september.

Utskrift E-post