Kåre Lunden fekk siste Vinjeprisen

Historieprofessor Kåre Lunden (76) er tildelt Vinjeprisen 2007.


Prisen har vore utdelt årleg sidan 1986 av Riksfondet for nynorsk presse, til «bladfolk og andre mediearbeidarar som nyttar norsk mål og som i si verksemd stør arbeidet med å halde oppe det særmerkte norske kulturlivet».

– Det er så mange gode grunnar til å gje denne siste Vinjeprisen til Kåre Lunden, sa styreformann Erling Lægreid i Riksfondet då prisen vart utdelt i Oslo måndag. Prisen skal heretter erstattast med ein annan nasjonal målpris.

– Det er sagt om Aasmund Olavsson Vinje at han var illojal mot alt anna enn målrørsla. Også prisvinnaren pirkar borti det meste med humor og ironi, ei rolle han har sett ut til å like. Lunden har bakgrunn som bygdegut frå Naustdal i Sunnfjord, og som landsgymnast. Han har eit klart intellekt, og toler å stå åleine både innanfor akademia og i journalistikken, sa Lægreid, og la til at ein god intellektuell skal makte å trakke på alle ømme tær hos sjølvhøgtidelege folk i mils omkrins. Men til det trengst kunnskap og mot.

– Og det har Lunden rikeleg av, pluss at han har leike– og ertelyst, sa Lægreid.

Kåre Lunden studerte til sivilagronom ved Noregs landbrukshøgskole i 1957 og tok til med historiestudium då han var 32 år gammal. Frå 1976 har han vore historieprofessor ved Universitetet i Oslo.

– Han fører dei beste tradisjonane frå A.O. Vinje vidare og har også tidlegare fått pris for god målbruk, sa Lægreid, som understreka kor avgjerande det er for folk å ha eit godt morsmål å stø seg på.

– Det handlar om identitet, sa Lægreid og overrekte prisvinnaren eit bilete av Per Kleiva. (NPK)

Utskrift E-post