Google ser deg på kommunenettsida

Illustrasjonsfoto: Dennis Skley/CC BY-ND 2.0-lisens Illustrasjonsfoto: Dennis Skley/CC BY-ND 2.0-lisens

Kommunar og andre offentlege aktørar deler informasjon om deg med Facebook, Google og andre internasjonale selskap – med uønskt reklame og auka prisar som resultat.

 

Nettgigantar som Facebook og Google får tak i informasjonen gjennom tenester som Google Analytics og Facebook Social Plugins. Gjennom dei får selskapa vite korleis du bruker den offentlege nettsida, og dei kan selje informasjonen vidare til selskap som kan bruke han til å skreddarsy reklame retta mot deg.

– Det er ein stor industri som kjøper og handlar data om forbrukarar. Det er problematisk at dei får tilgang til informasjon frå offentlege nettsider, seier fagdirektør Finn Myrstad i Forbrukarrådet til NRK.

Ifølgje stikkprøver NRK har gjort, bruker kommunane eit stort spekter av denne typen spionprogram på nettsidene sine, mange av dei samtidig. NRK spora 37 slike tenester i bruk på kommunale nettsider.

Enten du søkjer informasjon om barnehageplass, gjeldsordningar eller rusomsorg, er det fare for at eitt eller fleire storselskap veit om det.

Ikkje bra, meiner fagdirektør Atle Årnes i Datatilsynet.

– Éin ting er nettaviser og andre sider du sjølv vel å gå inn på. Men i den elektroniske kvardagen må du inn på dei offentlege nettsidene. Da er det ikkje bra at du ikkje kan komme unna å bli spora der, seier Årnes til NRK. (©NPK)

Utskrift E-post