Danskane sparte ingenting på kommunereform

Foto: ColourboxFoto: Colourbox

Danskane trudde dei skulle spare pengar då 271 kommunar vart til 98 i 2007. Slik vart det ikkje, syner eit nytt forskingsprosjekt.

Den danske nettstaden Altinget.dk er blant dei som har sett nærmare på konsekvensane av den store, danske kommunalreforma for ti år sidan, fortel Klassekampen. Eitt av dei viktigaste funna er at innsparingar og kostnader gjekk opp i opp: Danske kommunar er ikkje blitt billegare i drift.

Dette vert støtta av ein artikkel i tidsskriftet American Political Science Review, der fire kommuneforskarar har sett på effektane av reforma. Også dei konkluderer med at økonomien i samanslåtte kommunar ikkje er blitt betre.

– Kommunane er blitt meir robuste og i betre stand til å balansere budsjetta. Men når det gjeld dei økonomiske stordriftsfordelane, er resultata meir blanda. Det er spart inn noko på administrasjon og vegvesen, men pengane har gått til andre område, som barnevern og arbeidsmarknadstiltak, seier Kurt Houlberg, programsjef ved Det nationale institutt for kommuners og regioners analyse og forskning.

Houlberg understrekar at forskingsprosjektet berre har sett på korleis kommuneøkonomien er blitt påverka av reforma. Han meiner at det kommunane kan spare mest pengar på er sentralisering av barnehagar, skular og eldreomsorg.

Utskrift E-post