Stor vestlandsregion framleis målet

Foto: Hordaland fylkeskommuneFoto: Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkesting opnar for samanslåing med berre Sogn og Fjordane og nordre deler av Rogaland – og set krav om at administrasjonsmålet blir nynorsk.

Fylkestinget i Hordaland ønskjer primært ein Vestlandsregion som består av Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Men opnar også for forhandlingar om samanslåing av Sogn og Fjordande og Hordaland.

Etter ein omfattande debatt vart det lagt fram eit felles forslag frå Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti, Senterpartiet, Venstre, Miljøpartiet de Grønne og Fremskrittspartiet. Dette forslaget vart vedteke med dei 41 røystene til desse partia.

Glede over breidt fleirtal

– Eg gler meg over eit breitt fleirtal for vidare samtalar med Sogn og Fjordane og kommunar nord i Rogaland fylke, seier fylkesordførar Hestetun til Hordaland.no.

På bakgrunn av at Rogaland fylkesting har sagt nei til ein stor vestlandsregion, gjev fylkestinget i Hordaland det oppnemnde forhandlingsutvalet for regionreforma fullmakt til å starta opp ny dialog og gjennomføra nye forhandlingar om ein intensjonsavtale for samanslåing av fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland. Fylkestinget i Hordaland er positiv til at einskilde kommunar i Nord- Rogaland som ønskjer å bli ein del av den nye Vestlandsregionen søkjer om det.

Fylkestinget sitt vedtak

«1. Fylkestinget viser til inngått intensjonsavtale for etablering av Vestlandsregionen og går inn for at Hordaland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune går saman i ein ny folkevald region på Vestlandet. Det er ein viktig føresetnad at krava om oppgåver som er fremja i kapittel 10 i Intensjonsplanen vert følgt opp frå sentrale styresmakter både når det gjeld eksisterande og nye oppgåver. Fylkestinget søkjer med grunnlag i inndelingslova om slik samanslåing.  

2. Fylkestinget vil understreke at folketal og geografisk utstrekning ikkje må vere til hinder for etablering av Vestlandsregionen i ein ny regionstruktur, og at generalistprinsippet for oppgåvedeling mellom statlege og regionale ansvarsområder må kunne fråvikast i ein regionstruktur med svært ulikt innbyggjartal i dei nye regionane. Fylkestinget ber om at oppgåvedifferensiering vert lagt inn i mandatet til ekspertutvalet som skal vurdere  overføring av nye statlege oppgåver til regionalt folkevald nivå.      

3. Fylkestinget går inn for at nynorsk vert administrasjonsspråket i den nye Vestlandsregionen.      

4. Fylkestinget i Hordaland ønskjer primært ein Vestlandsregion som består av Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Fylkestinget i Rogaland har sagt nei til ei slik løysing. På denne bakgrunn gjev fylkestinget i Hordaland det oppnemnde forhandlingsutvalet for regionreforma fullmakt til å starta opp ny dialog og gjennomføra nye forhandlingar om ein intensjonsavtale for samanslåing av fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland.  Fylkestinget i Hordaland er positiv til at einskilde kommunar i Nord- Rogaland som ønskjer å bli ein del av den nye Vestlandsregionen søkjer om det.»

Forslag som fall

Høgre sine 12 representantar gjekk også inn for ein vestlandsregion samansett av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Men partiet ser det ikkje aktuelt med ei samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane. Derimot ønskjer Høgre at det vert arbeidd for ei samanslåing av Hordaland og Rogaland.

Dei fire representantane til Sosialistisk venstreparti (3) og Raudt (1) gjekk inn for å seia nei til regionreforma så lenge ein ikkje veit kva oppgåver som vert overførte frå staten til regionnivået og kva oppgåver ein får behalda.

Utskrift E-post