Nynorsk kultursentrum sprengde grenser i 2016

Lurivar og kunstmålaren. Foto: Humberset fotoLurivar og kunstmålaren. Foto: Humberset foto

– Med 40 200 gjester og arrangement eller utstillingar i 70 kommunar sprengde Nynorsk kultursentrum grensene i 2016.

Svært få kulturinstitusjonar er meir riksdekkjande, seier direktør Ottar Grepstad. – Med støtte frå samarbeidspartia og Arbeiderpartiet fekk Vinje kommune og vi gjennombrot for Vinje-senteret, og gjennom tett samarbeid med Noregs Mållag nådde vi målet om nynorsk både i Møre og Romsdal fylkeskommune og i den planlagde Vestlandsregionen.

Nynorsk kultursentrum hadde budsjettert med 32 000 gjester, men fekk for første gong over 40 000. Aasen-tunet hadde nær 27 000 gjester, Hauge-senteret over 11 000.

I Språkåret 2013 var Nynorsk kultursentrum til stades med arrangement eller utstillingar i 56 kommunar. Den rekorden blei knust i 2016. Då var Nynorsk kultursentrum til stades i 70 kommunar frå Lenvik i nord til Skien i sør.

Nettstadene hadde 418 000 unike brukarar, 17 prosent fleire enn året før.

Gjestetal tel, innhald avgjer

Direktør Ottar Grepstad (foto: Lars O. Flydal)Direktør Ottar Grepstad (foto: Lars O. Flydal)

– Gjestetala tel, men innhaldet avgjer, meiner Grepstad. – Vi skal vere til nytte for andre, vi skal vere pålitelege, og vi skal utvikle ny kunnskap. Då er ikkje mange gjester det einaste som gjeld.

Når årsmeldinga for 2016 no skal skrivast, kan dei 18 tilsette i Nynorsk kultursentrum gle seg over at åtte skulesekkproduksjonar som spenner frå litteraturformidling til språklege sjølvbilete er blitt viste for meir enn 12 000 elevar og lærarar i fem fylke. Hauge-senteret og Aasen-tunet hadde premiere på kvar sine nye produksjonar, og gav også elles eit endå vidare tilbod til born og unge enn før. Dei to språk- og litteraturfestivalane Ulvik poesifestival og Dei nynorske festspela blei gjennomførte med gode program i Hardanger og på Sunnmøre. Ein ambisiøs og omfattande prosjektplan for Vinje-senteret blei lagd fram, nettstaden Vinjesenteret.no opna, og med nyskrive stoff om både miljøkrise, verdskrigar, fylke og amerikansk presidentval blei Allkunne endå meir eit allment leksikon på nynorsk.

Internasjonale perspektiv pregar jamt meir av arbeidet i Nynorsk kultursentrum. Aasen-tunet laga ei temautstilling om menneske og språk på vandring. Hauge-senteret samarbeidde med Poetry Society i London om ei temautstilling om filmpoesi. Med prisen Årets museum 2015 møtte Nynorsk kultursentrum nesten 30 av dei fremste musea i verda på ein konferanse i Dubrovnik.

Handfaste politiske resultat

– Å vere til nytte inneber også at Nynorsk kultursentrum tek samfunnsrolla si på alvor og går inn i politiske saker for å løyse dei, seier Ottar Grepstad.

I april førte det til at fleirtalet i Møre og Romsdal fylkesting vedtok at nynorsk framleis skal vere administrasjonsspråk i fylket. I desember vedtok fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland at staten skal bruke nynorsk til Vestlandsregionen, og at nynorsk skal vere administrasjonsspråket for den nye regionen.

I begge sakene samarbeidde Nynorsk kultursentrum tett med Noregs Mållag og andre i nynorskmiljøet. Suksessen ligg i det samarbeidet, meiner Grepstad.

Veksten held fram

– Nynorsk kultursentrum er framleis ein institusjon i vekst, seier Grepstad og viser til at institusjonen får fleire avdelingar og fleire medarbeidarar i ei tid då innstraming er kvardagen for mange.

Perspektivskisse for Vinjesenteret.Perspektivskisse for Vinjesenteret.

Etter seks års planlegging går no Vinje-senteret for dikting og journalistikk over i etableringsfasen. Driftsbudsjettet i 2017 for den nye avdelinga er på 2,2 millionar, og etter planen blir stillinga som dagleg leiar lyst ut i mars.

– Rammevilkåra i den statlege kulturpolitikken gjer det meir krevjande for kvart år som går å oppnå gode resultat. Det vil svinge frå år til år også for oss, sjølv om vi driv billig, åtvarar direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk kultursentrum 2016

• Arrangement og utstillingar i 70 kommunar i ti fylke: Alstahaug, Askvoll, Aure, Aurland, Averøy, Balestrand, Bamble, Bergen, Bremanger, Bø i Telemark, Bømlo, Eid, Fitjar, Fjaler, Flora, Fredrikstad, Førde, Gaular, Giske, Gloppen, Gulen, Hareid, Herøy, Hokksund, Hornindal, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Kristiansund, Kvinnherad, Leikanger, Lenvik, Luster, Lærdal, Masfjorden, Naustdal, Nome, Notodden, Odda, Oslo, Radøy, Rindal, Selje, Seljord, Skien, Smøla, Sogndal, Solund, Stord, Stryn, Sula, Time, Tingvoll, Tinn, Tokke, Tysnes, Ullensvang, Ulstein, Ulvik, Vanylven, Vestre Toten, Vik, Vinje, Volda, Voss, Vågsøy, Ørsta, Østre Toten, Øvre Eiker og Årdal
• Også arrangement i Edinburgh, København og Milano
• 40 194 gjester på arrangement og utstillingar, 418 410 unike nettstadbrukarar og 17 690 følgjarar i sosiale medium
• Sidan 2000 har over 4,9 millionar menneske brukt tenestene frå Nynorsk kultursentrum, som har hatt arrangement eller utstillingar i 167 norske kommunar og seks byar i andre land
• 24 stiftarar og partnarar, mellom dei fem fylkeskommunar, heile målrørsla og mange universitet og høgskular
• 18 fast tilsette, 27 deltidstilsette og 125 frivillige
• Eig og driv Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival, nettleksikonet Allkunne og sju andre nettstader
• Etablerer Vinje-senteret for dikting og journalistikk i 2017
• Medeigar i Norsk Barneblad
• Forvaltar Vinje-fondet for nynorsk i pressa på oppdrag frå Kulturdepartementet
• Leier arbeidet i Nynorsk Forum, International network of language museums og forskingsprosjektet «Museum som minnepolitiske aktørar»

Utskrift E-post