Sanner kan ikkje love nye oppgåver til Vestlandsregionen

Kommunalminister Jan Tore Sanner har vore på Vestlandet og snakka om regionoppgåver. Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPKKommunalminister Jan Tore Sanner har vore på Vestlandet og snakka om regionoppgåver. Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

– Vi flyttar ikkje oppgåver for at forvaltningsnivået skal få meir å gjere, sa kommunalministeren på eit møte om Vestlandsregionen. 

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) fekk spørsmål om kva oppgåver ein vestlandsregion kan vente seg i framtida, då han møtte dei leiande aktørane i Vestlandsregionen på nyttårsmøtet til fylkesordføraren i Hordaland onsdag, fortel NRK.

– Vi flyttar ikkje oppgåver for at forvaltningsnivået skal få meir å gjere. Vi flyttar dei viss vi kan løyse dei betre for næringslivet og for innbyggjarane, sa kommunalministeren under møtet på Vestlandet.

(©NPK)

Utskrift E-post