Nynorsk ordbok med stilkontroll

Illustrasjonsfoto: Dennis Skley/CC BY-ND 2.0-lisens Illustrasjonsfoto: Dennis Skley/CC BY-ND 2.0-lisens

Nynodata vil hjelpa brukarane sine til å halda rett språkstil.

Mange som skriv nynorsk kjenner seg utrygge på om orda er lovlege nynorskord.

– Ein ukritisk bruk av ordbøker eller stavekontroll fører ofte til at ein blandar saman former som stilmessig strir mot kvarandre. Dette problemet får no si løysing, seier Bjørn Seljebotn, dagleg leiar i Nynodata (bildet) i ei pressemelding.

Som den første ordboksleverandør i Noreg har Nynodata lagt inn stilkontroll i sine ordbøker.

I ordbokspakken Ordrik kan ein velje mellom konservativ, moderat eller radikal nynorsk. Stilkontrollen gir valfrie ord og former ei ekstra markering i samsvar med den stilen som er valt.

– Alle som skriv nynorsk får no ei ekstra hjelp til å bruke eit konsekvent språk og unngå å blande saman formene. For eksempel tilrår stilmalen for moderat nynorsk formene byrje og skule, medan stilmalen for radikal nynorsk tilrår formene begynne og skole, fortel Seljebotn.

Dei fleste valfrie former på nynorsk i Ordrik har slik stilmarkering, alt innafor godkjend nynorsk rettskriving.

Utskrift E-post