Høgre-forslag: Språkrådet kan mista rettskrivingsansvar

Torbjørn Røe Isaksen, leiar for programkomitéen i Høgre, trur nynorsk og bokmål kan få tydelegare særpreg om andre enn Språkrådet får ansvaret for å normera språka. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen / HøgreTorbjørn Røe Isaksen, leiar for programkomitéen i Høgre, trur nynorsk og bokmål kan få tydelegare særpreg om andre enn Språkrådet får ansvaret for å normera språka. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen / Høgre

Både Det Norske Akademi for Språk og Litteratur og Nynorsk kultursentrum  er overraska over å bli foreslått til jobben.

Språkrådet har i dag fullmakt til å endra skrivemåte og bøying av ord i bokmål og nynorsk, og til å fastsetje skrivemåten av nye ord i norsk. Det vil det kanskje bli slutt på, om Høgre får viljen sin etter stortingsvalet i haust.

I utkastet til nytt partiprogram seier eitt av punkta at Høgre vil «Vurdere om språknormeringen for bokmål og nynorsk skal flyttes ut av Språkrådet.»

Røe Isaksen vil skilja målformene
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, som også leier programarbeidet i partiet, peikar på at mange andre land ikkje har offentlege organ som driv med språknormering, men private institusjonar som akademi og liknande.

– I norsk samanheng har me relativt nyleg gått bort frå samnorsktanken, og i dei siste rettskrivingsreformene har fleire av dei tradisjonelle klammeformene blitt tillatne igjen. Å flytta språknormeringa ut av Språkrådet kan gjera at både bokmål og nynorsk får eit tydelegare særpreg, seier Isaksen til Framtida.no.

Han nemner som eksempel at Det norske akademiet for språk og litteratur, som normerer den uoffisielle språkforma riksmål i dag, kunne tatt over normeringa av bokmål – medan til dømes Nynorsk kultursentrum kunne fått ansvaret for nynorsken.

– Har desse institusjonane ressursar nok til å driva språknormering?

– Det er noko av det me må vurdera, og det kan henda dei må få tilført midlar. Det er ikkje sikkert dette er noko sparetiltak.

LES OGSÅ: Høgre foreslår å fjerna sidemålskarakteren

Heyerdahl:  – «Meget» interessant
Preses i Det Norske Akademi for Språk og Litteratur, Nils Heyerdahl, har ikkje høyrt noko om forslaget før Framtida.no kontaktar han.

– Eg synest forslaget er «meget» interessant, og er ikkje framand for tanken.  Eg håpar at me kan få den posisjonen, det ville bety mykje for oss, seier Heyerdahl.

Han peikar på arbeidet dei har gjort med Det Norske Akademis Store Ordbok, som på bokmålsida vert det same som Norsk Ordbok 2014 er for nynorsk og dialektane. Den digitaliserte utgåva skal ferdigstillast i 2017.

Heyerdahl tek atterhald om at oppgåva då kjem med  tilstrekkeleg ressursar og eit mandat dei kan godta.  

– Normeringa må ha som underlag det som blir brukt i kurant litteratur og presse. Å normera bokmål er ei interessant oppgåve fordi det er så omfattande. Det finst så mange ulike former. Me vil basera norma på faktisk bruk, seier Heyerdahl.

Han tykkjer Røe Isaksen sin tanke om å skilje nynorsken og bokmålet frå kvarandre er logisk.

– For oss er det samnorsken som har vore hovudfienden, avsluttar Heyerdahl.

LES OGSÅ: – Mållaget må ta sin del av skulda for nynorsksvekkinga, meiner Lektorlaget

Grepstad: – Nei takk
Direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad har høyrt formuleringa frå Høgre, men heller ikkje han var kjent med at leiaren for programkomiteen foreslår at Nynorsk kultursentrum kan ta over nynorsknormeringa.

– Han driv jo litt høgttenking. Dette er eit strategisk spørsmål der styret vil ha det siste ordet, men mitt ynskje er at me takkar nei. Det er sterk tradisjon for at Språkrådet normerer dei to språka og me ynskjer ikkje ei privatisering av dette oppdraget, seier Grepstad, som tidlegare har vore styreleiar i Språkrådet.

Han er ikkje overraska over forslaget frå Høgre, men håpar at Språkrådet får halda fram med å normera begge målformene.

– Sjølv om det vart vedteke i 2001 at målformene skal normerast på sjølvstendig grunnlag, er det eit poeng at ein ser til korleis ein gjer det på andre sida av språkskiljet, seier Grepstad.

LES OGSÅ: Desse orda brukar vi feil, meiner Språkrådet

Wetås: – Viktig for legitimiteten
Direktør i Språkrådet Åse Wetås tykkjer òg at det er ein dårleg idé å skilja dei to målformene frå kvarandre.

– Skjønar du argumentet frå Røe Isaksen?

– Nei, eg gjer ikkje det. Etter at samnorskpolitikken vart offisielt avvikla etter årtusenskiftet har eit av fundamenta for normeringspolitikken vore at dei to målformene skal normerast saman, slik at det ikkje oppstår unødige skiljer i normeringa, forklarar Wetås.  

Wetås peikar på at normeringa i Noreg alltid har vore eit offentleg ansvar, først for Stortinget, seinare Kulturdepartementet og til slutt Språkrådet.

– Det trur eg er viktig for legitimiteten til rettskrivinga. Det aller viktigaste er at me har ein norm med stor legitimitet i det norske språkbrukarsamfunnet. Det er veldig godt sikra når normering skjer i det offentlege. Vidare er det ekstremt viktig at det skjer på trygt vitskapleg grunnlag, av normeringskunnige med langsiktig språkobserversjon i tankane. Dette har Språkrådet og det er noko som tek tid å byggja opp, avsluttar ho.

UtskriftE-post