Hordaland + Sogn og Fjordane = Nynorsk

Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons / Grafikk: Runar B. MælandIllustrasjonsfoto: Wikimedia Commons / Grafikk: Runar B. Mæland

Nynorsk blir administrasjonsspråket i den nye, samenslegne Vestlandsregionen, melder NRK.  

Hordaland og Sogn og Fjordane forhandlar no om å slå seg saman til ein ny Vestlandsregion. Måndag kveld melder NRK at dei to fylka, som i dag er nynorskfylke, har bestemt seg for at dei framleis skal vera nynorskfylke når dei slår seg saman.

Forhandlingspartane skal også ha blitt samde om at Fylkesmannen skal ha sete i Sogn og Fjordane, medan kollektivtrafikken skal styrast frå Bergen.

Les siste nytt i saka: Vestlandsregionen får namnet Vestlandet

Inntil nyleg var også språknøytrale Rogaland med i planane om Vestlandsregionen. I fjor haust skapte det mykje rabalder og stort engasjement då dei tre fylka ikkje blei samde om å velja nynorsk som administrasjonsspråk. Rogaland trekte seg til slutt frå planane.

Før Vestlandsregionen eventuelt blir røyndom, skal intensjonsavtalen til politisk handsaming i fylkestinget i Sogn og Fjordane 2. februar og i Hordaland 3. februar.

UtskriftE-post