Elevar vil lese nynorsk

Fritidslesing aukar lesekompetansen. Illustrasjonsfoto: Pedro Ribeiro Simões/Flickr/CC BY 2.0Fritidslesing aukar lesekompetansen. Illustrasjonsfoto: Pedro Ribeiro Simões/Flickr/CC BY 2.0

Påmeldinga til den nasjonale nynorske leseaksjonen Tid for ti blei fullteikna ei veke før fristen. 

Leseaksjonen "Tid for ti" gjeld 7. trinn i den norske skulen. Her får dei påmelde elevane ein antologi med utdrag frå ti ulike ungdomsbøker på nynorsk. Opplaget er på 15.000, og det var altså like mange elevar som melde seg på – før fristen hadde gått ut.

Prosjektleiar i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø, fortel i ei pressemelding at interessa for Tid for ti tydar på at det er eit behov og eit ynskje frå skular i heile landet om meir nynorsk litteratur. 

Tid for ti-aksjonen blei starta i 2015 som eit samarbeid med Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar. 

Meir leselyst
– Tilbakemeldingane tyder på at prosjektet har gitt meir språkleg sjølvtillit til nynorskelevane, mindre fordommar mot sidemålet for bokmålselevane, og meir leselyst til alle, seier Torgeir Dimmen, leiar ved Nynorsksenteret. 

Etter lanseringa av kampanjen skal Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane reise rundt i fylket for å besøkje skular saman med Foreningen !les og forfattar Anders Totland, som har skrive Engel i snøen, ei av dei ti bøkene som er inkludert i antologien.

– Fritidslesinga har stor effekt på lesekompetansen hos barn og unge. Difor er det viktig å innarbeide gode lesevanar tidleg, seier fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen.

LES OGSÅ: Fleire nynorskelevar i 2016.

UtskriftE-post