Ap lovar å skilje tvangssamanslåtte kommunar

Helga Pedersen er kommunalpolitisk talsperson for Arbeidarpartiet. Foto: ApHelga Pedersen er kommunalpolitisk talsperson for Arbeidarpartiet. Foto: Ap

Arbeidarpartiet vil innvilge skilsmisse til kommunar som blir slått saman med tvang om dei vinn valet til hausten.

– Dersom nokon skulle bli utsette for tvang av stortingsfleirtalet, så vil vi sørgje for at den lokale viljen blir gjennomført etter eit regjeringsskifte, seier kommunalpolitisk talsperson Helga Pedersen i Ap til NRK.

Tidlegare har Ap uttalt seg unnvikande når Senterpartiet har komme med liknande garantiar.

– Vi meiner at den lokale viljen skal gjennomførast. Og dersom stortingsfleirtalet vedtar tvangssamanslåingar og dei kommunane som er berørt av det tar initiativ til det, så vil vi gjere om eventuelle tvangsvedtak, seier Pedersen.

Ap lovar også endringar i inntektssystemet til kommunane der dei vil likestille samanslåtte og ikkje samanslåtte kommunar.

Frps kommunalpolitiske talsmann Helge André Njåstad trur ikkje nyheita om at Arbeidarpartiet legg seg på Senterpartiets linje, vil bli tatt godt imot i Kommune-Noreg.

– Vissa om at alt kan bli snudd opp ned dersom Ap og Sp vinn valet, skaper mykje uvisse for alle lokalpolitikarar, også i Aps eigne rekkjer, seier han.

(©NPK)

UtskriftE-post