Ap-nei til ny runde i kommunereforma

Helga Pedersen åtvarar mot ein runde to i kommunereforma. Illustrasjonsfoto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix / NPKHelga Pedersen åtvarar mot ein runde to i kommunereforma. Illustrasjonsfoto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix / NPK

Arbeidarpartiet avviser ein ny runde i kommunereforma, og partileiar Jonas Gahr Støre seier samanslåingar må baserast på fri vilje.

Arbeidarpartiet har sagt at dei vil innvilge skilsmisse til eventuelt tvangssamanslåtte kommunar som måtte ønske dette. Høgres programkomité har varsla ein ny runde med tvangssamanslåingar neste periode, mens Arbeidarpartiet går i motsett retning.

– Vi meiner ein også i neste periode må stimulere til samanslåingar det er behov for og som ein ønskjer, men det å no skulle kaste kommunane i kverna for ein runde nummer to, vil eg åtvare mot på det sterkaste, seier kommunalpolitisk talsmann Helga Pedersen (Ap) til Dagbladet.

Tidlegare i veka melde Aftenposten at det finst ein stad mellom 10 og 15 aktuelle kandidatar til tvangssamanslåing blant norske kommunar.

Fri vilje

I partiprogrammet som blir lagt fram 6. februar, går Arbeidarpartiet inn for å styrke kommuneøkonomien for å betre dei kommunale tenestene. Samtidig vil dei fortsette å stimulere til frivillige samanslåingar ved å behalde reformstøtta, eingongsstøtta og overgangsordninga der kommunane får behalde tilskot i tjue år framover. I tillegg går dei inn for eit kompetanseløft i kommunesektoren.

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre seier fredag på Politisk kvarter at partiet har justert sitt syn på tvang i denne stortingsperioden. Han seier partiet er for at kommunar slår seg saman for å løyse oppgåvene betre, men at det må baserast på fri vilje.

Pedersen seier at kommunar som har sagt nei, kanskje forandrar meining om nokre år. Derfor meiner ho at det er viktig å vidareføre dei positive verkemidla frå den pågåande reforma, heller enn å bruke tvang.

– Lite nytt

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) seier han ikkje er imponert over tiltaka frå Arbeidarpartiet, og meiner det er lite nytt i det partiet presenterer. Sanner legg til at eingongsstøtta partiet no lovar å behalde er lovfesta.

Han meiner dei økonomiske gulrøtene Arbeidarpartiet skisserer vil vere dårlegare enn det regjeringa har lagt fram.

– Den største gevinsten i dag ligg i ei eiga overgangsordning der kommunane får behalde ulike tilskot basert på inntektssystemet i 2016 i tjue år framover, så det vil uansett innebere at dei økonomiske fordelane blir klart dårlegare i neste periode enn i denne, seier Sanner.

(©NPK)

UtskriftE-post