Nei takk til reklame på engelsk

Reklameskilt i Norge bør vere på norsk, meiner mange. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPKReklameskilt i Norge bør vere på norsk, meiner mange. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK

Eit fleirtal av befolkninga synest reklame retta mot nordmenn bør vere på norsk, viser ei ny undersøking frå Språkrådet.

– 57 prosent av befolkninga meiner at all reklame bør vere på norsk, seier seksjonssjef i Språkrådet Nina Teigland til NRK.

Ho fortel at undersøkinga også viser at 60 prosent av befolkninga ikkje har tru på at engelsk marknadsføring i Noreg fremjar sal.

LES OGSÅ: Her er dei nominerte til årets "Gullbarbie"

Kjedestyrte butikkar
NRK har snakka med fleire butikkleiarar og spurt dei kvifor engelsk ofte vert brukt i marknadsføring mot norske forbrukarar. Dei fleste fortel at engelsk marknadsføring kjem av at butikkane enten er kjedestyrte eller at dei ønskjer å stå fram som internasjonale.

Pensjonert språkprofessor Arne Kjell Foldvik blir glad når han høyrer om resultata frå spørjeundersøkinga.

– Dette er ei god nyheit. Eg har snakka litt med folk som driv med marknadsføring, og dei fortel meg at å bruke engelsk ofte er ein lettvint snarveg for å få noko til å høyrast betre ut. Årsaka til det er nok at ein er så dårleg i engelsk at ein ikkje kan skilje mellom godt og dårleg, seier han.

Han meiner at resultatet blir betre om ein i staden leitar etter gode norske ord og uttrykk.

LES OGSÅ: Oppmodar til å vera kritisk mot reklame

Utskrift E-post