Eid og Selje på namnejakt

Solnedgang over Barmøy. Foto: Eli Eide Årevik/CC BY-SA 3.0-lisensSolnedgang over Barmøy. Foto: Eli Eide Årevik/CC BY-SA 3.0-lisens

Nordfjordkommunane Eid og Selje er samde om å slå seg saman frå 2020. Men spørsmålet om kva namn den nye kommunen skal få, står framleis ope.

I intensjonsavtalen står det at namnet og kommunevåpenet til den nye kommunen skal bli fastsett etter ein prosess der innbyggjarane får invitasjon til å kome med idear. Kommunestyra i Eid og Selje skal deretter gjere eit endeleg vedtak, skriv Fjordenes Tidende.

To av namneforslaga som har blitt lufta så langt er Selje kommune eller Stad kommune. Sistnemnde var også eit forslag då både Vågsøy, Selje, Eid og Vanylven framleis var i dialog om samanslåing.

 

Utskrift E-post