Stramme skulebudsjett rammar biblioteka

9.-klassingane Titti Josefine Nilsen (14) og Amalie Skogstø (14) ønskjer seg lengre opningstider og betre utval på biblioteket ved Håvåsen skule. Til høgre skulebibliotekar Else Margrethe Solbøe. Foto: Ingunn Gjærde 9.-klassingane Titti Josefine Nilsen (14) og Amalie Skogstø (14) ønskjer seg lengre opningstider og betre utval på biblioteket ved Håvåsen skule. Til høgre skulebibliotekar Else Margrethe Solbøe. Foto: Ingunn Gjærde

Fleire organisasjonar vil ha tydelegare lovverk om skulebiblioteka, som ifølgje Bibliotekforeningen taper budsjettkampen om knappe ressursar.

Foreininga er ein av ti organisasjonar som sender brev til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) der dei etterlyser eit lovverk for skulebiblioteka, skriv Klassekampen. Opplæringslova seier at elvene skal ha tilgang til skulebibliotek, men utover det er det ingen konkrete krav.

I 2013 viste ei undersøking at den gjennomsnittlege bemanninga på skulebibliotek i grunnskulen var på fem timar i veka, ned frå 6,1 timar fire år tidlegare.

– Mange stadar er skulebiblioteket ikkje meir enn ei hylle i gangen utanfor lærarrommet eller nokre bokkassar i eit låst bomberom, seier leiar Bjørn Ingvaldsen i foreininga Norske barne- og ungdomsforfattarar, ein av organisasjonane som har skrive under på brevet til Isaksen. 

Mariann Schjelde, som leier Norsk Bibliotekforening, seier biblioteka har vore eit forsømt kapittel på norske skular i årevis. 

– Ein ser på skulebiblioteka som eit ekstratiltak for kos og hygge. Då er det ikkje rart dei tapar på budsjetta. Det er nettopp denne haldninga vi vil til livs, seier Schjeide.

Klassekampen har ikkje lykkast med å få ein kommentar frå Kunnskapsdepartementet.

LES OGSÅ: Krev styrking av skulebiblioteka

UtskriftE-post