Gir ut trong nynorsk ordliste

Samlaget har droppa valfridommen i den nye Enkel nynorsk ordliste av Aud Søyland (innfelt), Karl Arne Utgård og Margunn Rauset. Foto: Hallvard Østrem / NPK og Noregs MållagSamlaget har droppa valfridommen i den nye Enkel nynorsk ordliste av Aud Søyland (innfelt), Karl Arne Utgård og Margunn Rauset. Foto: Hallvard Østrem / NPK og Noregs Mållag

– Når eg ser kor mange som strevar med nynorsken, så trur eg dette kan ha noko for seg.

Det vart aldri noko av tilrådd-norma som Språkrådet ville lage i kjølvatnet av den nye nynorskrettskrivinga i 2012. No har Samlaget laga noko som liknar. 

– Veldig beklageleg, meiner språkprofessor Helge Sandøy ved Universitetet i Bergen, som var ein av dei som gjekk imot tilrådd-norma i 2012.

Den nye Enkel nynorsk ordliste byggjer på ordbasen til Samlagets klassikar Nynorsk ordliste , men er heilt fri for valfrie former. I lista er former som kome , gi , tek , tenke , ønsker , bruker og maskinen , bølge og grisar eineformer. Boka er mynta på "deg som skal skrive nynorsk i arbeidssamanheng, og som kjenner deg usikker på valfridommen i nynorsk".

Forfattarane Karl Arne Utgård, Aud Søyland og Margunn Rauset presiserer i innleiinga at ordlista ikkje er godkjent for skulebruk, men ser for seg at boka kan vere nyttig for dei som skriv på nynorsk i det offentlege og i næringslivet, kanskje òg som husnorm i etatar og verksemder.

– Dette er eit tilbod til dei som strevar med nynorsk og først og fremst dei som må skrive nynorsk i jobben, seier ordboksredaktør Aud Søyland, som gjennom fleire år har redigert nye utgåver av Alf Helleviks Nynorsk ordliste saman med Margunn Rauset.

– Ordlista kan òg vere relevant for dei som har framandspråkleg bakgrunn, og for grupper av folk som skal samarbeide om dokument, seier Søyland, som òg var sekretær i rettskrivingsnemnda som utarbeidde 2012-normalen.

LES OGSÅ: Nynorsk ordliste har selt meir enn Bibelen

Midtlinjenynorsk
I arbeidet med Enkel nynorsk ordliste har Søyland og Rauset hatt med seg høgsterettsdommar Karl Arne Utgård, som i mange år har arbeidd for å få innpass for nynorsk i jussen og rettsstellet, mellom anna gjennom ordlista Juridisk og administrativ ordliste . Det var òg Utgård som tok initiativet til den nye ordboka.

– Etter at den nye nynorskrettskrivinga ikkje vart så stram, såg både han og fleire behovet for ei slik midtlinjenorm innanfor nynorsken. Før hadde du læreboknormalen, som gav ei trongare norm for dei som hadde bruk for det, seier Søyland.

Språkrådet såg òg behov for ei slik ekstranorm med mindre valfridom i kjølvatnet av 2012-reforma og gjekk da inn for å lage ei eiga ikkje-obligatorisk "tilrådd norm" med innskrenka valfridom. Men det forslaget vekte skarpe protestar. Kritikarane såg tanken om ei slik indre norm som eit brot på premissane for prosessen som leidde fram til den nye nynorskrettskrivinga, der skiljet mellom hovud- og sideformer vart avvikla. Ei tilrådd norm kunne fort oppfattast som ei ny hovudnorm, meinte dei. Språkrådet realiserte heller aldri tilrådd-norma.

LES OGSÅ: Nynorskelevar dårlegare på rettskriving

– Veldig beklageleg
Språkprofessor Helge Sandøy synest den nye ordlista er ein dårleg idé.

– Veldig beklageleg. Dette byggjer på ei førestilling om eit autoritært riksmål der det ikkje skal vere val i det heile. Det står i motstrid med tradisjonell målsak, seier Sandøy.

Han fryktar at eineformsnorma fort kan få status som nynorsk hovudnorm, sjølv om ho verken er offisiell eller laga i Språkråd-regi.

– Det er fare for at denne norma får ein slags autorisert status i praksis, fordi ho blir brukt i diverse kontor og departement. Dermed kan dette bli den mest gangbare nynorsken, mens ein annan nynorsk ikkje skal vere like gangbar, seier Sandøy.

– Vi risikerer å komme tilbake til ein situasjon med normhierarki, som mange var imot før 2012-norma. Da vart tonivåsystemet med klammeformer sett som pedagogisk forvirrande. No kan vi risikere at ein del av norma får ein høgare posisjon likevel.

LES OGSÅ: – Ikkje hær verk å rette skrivefeil

Budd på reaksjonar
Søyland har vore budd på at det kunne komme reaksjonar på ordlista, og ho reknar med å få skjenn for både det eine og det andre.

– Eg hadde aldri gjort dette da eg var ung student, for da var eg i eit miljø der dei hundre blomstrar skulle få blomstre, for å seie det slik. Men når eg etter over tretti år med nynorsk språkretting og språkrettleiing ser kor mange som strevar med nynorsken, så trur eg dette kan ha noko for seg.

Sandøys frykt for at norma skal bli ei form for overordna nynorsknorm, deler ho ikkje.

– Eg har framleis veldig sans for valfridommen i nynorsk, men det går an å ha to tankar i hovudet samtidig og sjå at ikkje alle kan utforske nynorsken ut frå eige talemål. Dei som må skrive nynorsk i jobben og strevar litt med det, er ikkje interesserte i å utforske nynorsken. Dei vil vite kva som er rett, og kva som er gale, seier Søyland.

Sjølve normeringa har dei tre gjort ut frå bruksfrekvens, system og eigne felles vurdingar om «midtlinja» i nynorsk. Da har former som gje , dratt , skuld , lunkent, bølgje og bylgje måtte vike for gi , drege , skyld , lunke og bølge . Søyland ventar seg likevel mest reaksjonar på at dei har valt å stryke alle former med tradisjonell -gj og -kj, som i tenkje og følgje .

– J-formene har ingen funksjon lenger. Når det er så mange som ikkje har denne j-en i talemålet lenger, så trur eg han er eit kompliserande element. Vi landa på at vi skulle droppe den. Men eg må innrømme eg er redd for at vi kjem til å få mykje kjeft for dette, seier Søyland. (©NPK)

Sjekk ut Kristin Fridtun sitt krasjkurs i rettskrivingsreforma frå 2012!

Utskrift E-post