– Nynorsken betyr mykje for identiteten på Vestlandet

Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø er ein av Høgre-folka som har snudd frå nei til ja til sidemål. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen / HøgreHordaland Høgre snur – vil kjempa for å halda på eksamen og karakter i sidemål.Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø er ein av Høgre-folka som har snudd frå nei til ja til sidemål. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen / HøgreHordaland Høgre snur – vil kjempa for å halda på eksamen og karakter i sidemål.

Hordaland Høgre snur – vil kjempa for å halda på eksamen og karakter i sidemål.

– Dette er ei av dei viktigaste identitetssakene me vestlendingar har. Eg er optimist og merkar meg ei positiv utvikling for nynorsken, særleg i Hordaland Høgre og Bergen, seier ordførar i Kvinnherad, Peder Sjo Slettebø (30).

På årets fylkesårsmøte vart det for fyrste gong klårt fleirtal i Hordaland Høgre for å halda på karakter og eksamen i sidemål.

– Det blæs ein identitetsvind over heile Vestlandet, seier nestleiar Tom Georg Indrevik i Hordaland Høgre til NRK.no.

– Lytt til forskinga
Han får støtte av partikollegaen i Kvinnherad. Peder Sjo Slettebø er ein av dei som tidlegare har argumentert for valfritt sidemål, men som no har endra standpunkt. Han meiner det er på tide at Høgre tek inn over seg forskinga, som peikar på at sidemålsundervisninga gjer elevane sterkare i språk generelt.

– I Noreg er me privilegerte som har to likestilte målformer. Nynorsken betyr mykje for identiteten på Vestlandet, og er ein del av vår rike kultur og historie, seier Slettebø.

Han meiner å sjå ei generell utvikling i samfunnet der det vert stadig meir positive haldningar til både nynorsk og dialekt. No håpar ordføraren at dei same haldningane vil snu Høgre sin sidemålspolitikk.

Kunnskapsministeren: – Ein utopi
På landsmøtet i helga skal Høgre stemma over forslaget til nytt partiprogram for stortingsperioden 2017-2021. Her foreslår programkomiteen atter ein gong å «fjerna ordninga med eigen karakter og eksamen i sidemål på ungdomsskulen og i vidaregåande opplæring».

Då programforslaget vart offentleg uttala Torbjørn Røe Isaksen, leiar for programkomiteen i Høgre, følgjande ovanfor Framtida.no:

– Målet om at alle elevar skal vere skriveføre i både nynorsk og bokmål har eigentleg aldri vore noko anna enn ein utopi.

LES SAKA: Høgre foreslår å fjerna sidemålskarakteren

Mobiliserer i vest
No mobiliserer både Sogn og Fjordane og Hordaland Høgre før landsmøtet til helga og arbeider for å få fleire fylke med på sitt lag.

I Oppland er sentralstyremedlem frå Lesja, Hanne Alstrup Velure, sterkt kritisk til programkomiteen sitt sidemålsforslag:

– Dette er ei dårleg distriktspolitisk sak. Sidemålet handlar om nynorsken, og språket ligg hjartet vårt nært. Eg har budd i byar og i nynorskdistrikt, og eg veit kva dette betyr, seier ho til NRK.

Markerer motstand
Slettebø vågar ikkje å spå resultatet, men trur at Høgre landar på det same som i dag, nemleg å avvikla både eksamen og standpunktkarakteren i sidemål.

– Sjølv om me kanskje ikkje får det heilt i land, får me markert at eit stort mindretal vil noko anna. Det betyr at nynorsken vil stå sterkare i ei eventuell ny regjering, seier han.

Les også om sidemålsdebatten i samarbeidspartia Venstre og KrF:

Vil ha Venstre med på nynorskløft

Jublar for sidemålsfleirtal i KrFU

Utskrift E-post