SV vil pakka meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken

Vibeke Johnsen er stortingskandidat og fylkesleiar for Sogn og Fjordane SV. Foto: SVVibeke Johnsen er stortingskandidat og fylkesleiar for Sogn og Fjordane SV. Foto: SV

– Me meiner at me no har det klart beste partiprogrammet for nynorsk, seier Johnsen, fylkesleiar og stortingskandidat for Sogn og Fjordane SV.

I helga fekk ho med seg landsmøtet i partiet på eit forslag om at Den kulturelle skulesekken (DKS) skal ha eit breitt tilbod av kulturproduksjonar på nynorsk, saman med ei rekkje forslag for å styrka nynorsken i opplæringa (sjå faktaboks).

Føremålet med forslaget er at barn og unge skal bli eksponert for nynorsk gjennom kultur, også i bokmålsområde, forklarer Johnsen.

– Me meiner ein må vera medviten når ein kjøper inn produksjonar til Den kulturelle skulesekken, at ein også tenkjer språkpolitisk. Elevane møter saktens nok bokmål, seier ho.

Forslaget kom frå eit mindretal i landsstyret, og hadde støtte frå mellom andre partileiar Audun Lysbakken. Sjølv om fleirtalet i landsstyret i utgangspunktet var imot, fekk forslaget trygt fleirtal på landsmøtet.

Vil ikkje stå åleine
DKS er finansiert av tippemidlar og ligg under den statlege etaten Kulturtanken, men det er kommunane og fylka som kjøper inn kulturproduksjonar til sine skular.

Guro Kleveland, kommunikasjonsleiar i Kulturtanken, skriv i ein epost at det finst mange produksjonar på nynorsk i skulesekken allereie, men har ikkje oversikt over kor mange.

Ho fortel samstundes at det ikkje finst nokon språkpolitiske føringar eller mål for DKS i dag.

– Det er aktørar rundt om i landet som lagar og leverer produksjonar til ordninga Den kulturelle skulesekken, ikkje vi i Kulturtanken, peikar Kleveland på.

Sidemålsdebatt blei stoppa
I førsteutkastet til nytt arbeidsprogram føreslo eit mindretal i programkomiteen ein kursendring for SV i språkpolitikken, då dei gjekk inn for å fjerna eksamen og karakter i sidemål.

Då førsteutkastet blei lagt fram, stod det opphavleg at fleirtalet gjekk inn for å svekkja sidemålet, noko som vekte oppsikt blant målfolket. Dette viste seg å vera feil.

LES MEIR: KorrekturSVikt skapte sidemålskrøll

Forslaget blei uansett stoppa i partiorganisasjonen, og var ikkje oppe til debatt under landsmøtet, etter kva Framtida.no forstår.

Utskrift E-post