Han kan bli ny leiar for Målungdommen

– Norsk Målungdom er i stor vekst, seier Fredrik Hope, som er innstilt som ny leiar i organisasjonen. Foto: Ole Gunnar Dybvik og Mia Holvik / Norsk Målungdom– Norsk Målungdom er i stor vekst, seier Fredrik Hope, som er innstilt som ny leiar i organisasjonen. Foto: Ole Gunnar Dybvik og Mia Holvik / Norsk Målungdom

Fredrik Hope vil bruke det neste året på nynorskmyteknusing. 

Fredrik Hope frå Hyen i Sogn og Fjordane er innstilt som ny leiar i Norsk Målungdom før landsmøtet på Sandane i Gloppen kommande helg. Noverande målungdomsleiar Synnøve Marie Sætre går av etter to år i vervet.

Hope har vore leiar i Firda Målungdom og Studentmållaget i Bergen, og har det siste året vore nestleiar i Målungdommen.

LES OGSÅ: I fjor sette Norsk Målungdom tiårsrekord i medlemstal

Den neste toårsperioden skal ungdomsorganisasjonen arbeide særleg med å rydde opp i alle mytane om nynorsk gjennom opplysningskampanjen «Nynorsk myteknusar».

– Nynorsken og språkmangfaldet i Noreg vil få det mykje betre om vi får røska opp i alle fordommane som finst, seier Fredrik Hope i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Eg ville gi deg ein nynorskbutton, ikkje klamydia

Om valkomiteen får viljen sin på landsmøtet får Hope med seg desse i det nye sentralstyret:

• Elise Tørring frå Lillesand som nestleiar

• Eline Bjørke frå Løten som skrivar

• Frida Pernille Mikkelsen frå Førde som økonomiansvarleg

• Svein Soldal Eggerud frå Stord og Åsmund Kvifte frå Osterøy som styremedlemer.

Utskrift E-post