Høgskulen i Volda tek over Nynorsksenteret

Torgeir Dimmen og Anne Marta Vinsrygg Vadstein ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa blir no ein del under Høgskulen i Volda. Foto: Nynorsksenteret Torgeir Dimmen og Anne Marta Vinsrygg Vadstein ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa blir no ein del under Høgskulen i Volda. Foto: Nynorsksenteret

Høgskulen i Volda tek over det faglege ansvaret for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, også kjent som Nynorsksenteret. 

Høgskulen har vore vertsinstitusjon for Nynorsksenteret heilt sidan det vart etablert i 2005, så senteret med 8–9 årsverk held allereie til ved skulen. Senteret har til no vore underlagt Utdanningsdirektoratet, men frå 1. januar vil høgskulen også ta over det faglege ansvaret for senteret, skriv Møre-Nytt.

Endringa er ein konsekvens av Stortingsmeldinga Lærelyst – tidleg innsats og kvalitet i skolen, som vart presentert fredag.

– Signala så langt er at Nynorsksenteret får dei same oppgåvene innanfor Høgskulen i Volda som vi har hatt under Utdanningsdirektoratet, seier HVO-rektor Johann Roppen og senterleiar Torgeir Dimmen til avisa.

(©NPK)

 

Utskrift E-post