Sunnhordland er årets lokalavis

AVISHEIDER: Kari Nøstbakken, Reidar Hystad og Torhild Hovstad i Sunnhordland under prisutdelinga. FOTO: LLAAVISHEIDER: Kari Nøstbakken, Reidar Hystad og Torhild Hovstad i Sunnhordland under prisutdelinga. FOTO: LLA

Årets lokalavis «byr opp til dans – og er tydeleg på at ho ønskjer kontakt både med lesarar og annonsørar».

Det heiter det i grunngjevinga frå juryen som delte ut prisen under landsmøtet til Landslaget for lokalaviser (LLA) i Haugesund i helga.

Sunnhordland dekkjer i hovudsak kommunane Stord og Fitjar, og kjem ut på papir tre dagar i veka i tillegg til nettavisa. Juryen meiner at "Sunnhordland er ei avis som står fram som glad, nær, vesentleg, viktig, hyggjeleg og inviterande. Avisa har lokale leiarar, er attkjenneleg og godt redigert med framifrå lesarkontakt.".

Lokalavisene Dølen, Suldalsposten og Hallingdølen fekk elles heiderleg omtale under prisutdelinga. Prisen for årets lokalavisfoto gjekk til Patricia Kühfuss i Hallingdølen, Årets digitale satsing til Sunnhordland, medan Kvinnheringen kunne ta med seg både marknadsprisen, journalistprisen og Årets lokalavisside heim igjen.

(©NPK)

 

Utskrift E-post