Maria Parr kjem til landstinget til LNK

Foto: Agnete Brun/SamlagetFoto: Agnete Brun/Samlaget 

Sjå smakebitar frå programmet til Landstinget til LNK 8.-9.juni!

Sist veke blei det klart at Maria Parr kjem med bok til hausten, åtte år etter at ho gav ut den andre boka si Tonje Glimmerdal i 2009.

Keeperen og havet blir namnet på den nye boka som er ein frittståande oppfølgjar til Vaffelhjarte, som kom i 2005.

– Det er ei ganske annleis bok enn Vaffelhjarte, samstundes som det er veldig godt å vera tilbake i dette universet. Det er karakterar eg har blitt veldig glad i, og som eg har hatt med meg heile livet, fortel Parr til Framtida.no.

8. juni kjem ho til landstinget til LNK i Ulsteinvik, der ho avsluttar det eine temaet for denne dagen; biblioteket som språkformidlar.

Nynorskkonvertitt og leiar i Norsk Bibliotekforening Mariann Schjeide og Mona Iren Auganæs, biblioteksjef i Ulstein og Siri Ingvaldsen, fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane snakkar før henne om biblioteka si rolle som nynorskformidlarar.

Nynorsk i næringslivet

Landstinget byrjar med nynorsk i næringslivet som tema.

Åse Wetås, direktør i Språkrådet, og innleier om nynorsk i næringslivet.

Kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven, dagleg leiar Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Olav Sindre Kriken, seniorrådgjevar i digitalbyrået RACER deltar etterpå i samtale om nynorsk i arbeids- og næringslivet.

Nynorsk i kommunereforma

Fredag 9. juni er temaet nynorsk, kommunereform og lokaldemokrati. Tom Hetland, kommentator og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenbladet innleier til politisk debatt om lokaldemokrati. Helge André Njåstad (Frp), Liv Signe Navarsete (Sp), Terje Breivik (V), Magne Rommetveit (Ap) og Svein Harberg (H) møter til debatt om språk og kommune- og regionreform.

Meld deg på landstinget her!

 

Utskrift E-post