MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Gode på design
fredag 19. juni 2009 00:00    Skriv ut E-post
Gode på design



Ordførar i Stryn, Nils P. Støyva, stiller friskt i rosa skjorte og dressjakke frå Moods of Norway. Det er tydeleg at bygda er stolt av kva som vert skapt i kommunen.

- I Stryn er me gode på design og produksjon, seier Henny Staalnacke. Variasjonen og mangfaldet er stort.

Henny Staalnacke er vaksen opp i møbelproduksjonsmiljø i Stryn, og ho har drive med design og produksjon av Henny dåpskjolar sidan midten av nittitalet. Det vert travle dagar når ein innimellom skal promotera og tilretteleggja motevisningar av dei største innan design og produksjon i Stryn.

- Det er ein ganske stor variasjon og eit stort mangfald i design, understrekar Staalnacke. Ho er mor til ein av klesdesignarane, Simen Staalnacke i Moods of Norway, som nyleg har opna utsal i Hollywood i Los Angeles og Trondheim. I tillegg har dei eigne butikkar i Oslo, Bergen, Island, Tokyo og i Flø i Ulsteinvik.

Formidlar kulturhistorie
Moods of Norway designar og produserer klede for folk flest. Dei same kleda ein ser på catwalken kan ein få kjøpt i butikken i Stryn eller i Los Angeles. Dette er klede som passar både unge og eldre, alt etter smak.

- Formidling av historie og kulturhistorie gjennom design ligg i botn i designet av dåpskjolar, fortel Henny Staalnacke. Det er og eit viktig grep for uttrykket til Moods.

På Moods of Norway sine heimesider står det at ”hovudmålet for designgjengen er å laga glade klede for glade folk i heile verda, i tillegg til å gjera bestemor glad”.
I kleskolleksjonane til Moods får ein innblikk i både Stabbur og Ole Bull. I tillegg vert besteforeldre, mødre og tanter nytta som objekt på prislappar og merkelappar.

- Visste du til dømes at sprayboksen er norsk, spør Henny, og legg til at dei fyrste plagga til designteamet vart laga på hennar symaskin.

Stolt og imponert
Med sitt gjenkjennelege og leikande originale uttrykk set klesdesignarane med røter i Stryn, sitt preg på bygda. Ungdommen er særs stolte over kva gutane i klesbedrifta Moods har fått til. Hilde Drageset (20), Hilde Nordnes (20) og Kenneth Håvik (20) er samde. Dei har alle jobba i Moods-butikken i Stryn.

– Sjølv om ein kjem frå ein liten plass kan ein gjera det stort, seier Drageset.

– Eg er stolt og imponert over at designgutane, som har base i Stryn, får det så bra til både nasjonalt og internasjonalt, seier Kenneth Håvik. 

Kreativt miljø
- I Stryn er det få statlege bedrifter, fortel Henny Staalnacke. Skal ein bu på små stadar må ein skapa noko sjølv. Når fleire kreative sjeler søkjer saman, utfyller dei kvarande og spelar på kompetansen til kvarandre meir enn å konkurrera, understrekar ho.

Henny meiner ungdommen i Stryn vert inspirerte av gutane i Moods.

Moods of Norway er ikkje aleine om å produsera klede som er kjende utover kommune- og landegrensene. Medan Moods lanserte merket for fire år sidan har Riccovero, med base i Olden, røter langt tilbake i tid. Skogstad held til i same kommune.

 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009