Pris til Guri Vesaas



Guri Vesaas er Årets nynorskbrukar 2007.

Prisen får ho for arbeidet med å gi ein heil generasjon av barne- og ungdomsbokforfattarar språkleg sjølvtillit, til glede for hundretusenvis foreldre og lesarar i alle aldrar, heiter det i grunngjevinga.

Guri Vesaas var tilsett i Det Norske Samlaget i 40, og var ifølgje Jon Fosse Samlagets sjel. Vesaas gjekk av som barnebokredaktør i 2006.

Prisen Årets Nynorskbrukar blir delt ut årleg til personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk. 

Det er Nynorsk kultursentrum som kårar Årets nynorskbrukar. Guri Vesaas fekk tildelt prisen, 50 000 kroner og eit eksklusivt trykk av Arne Nøst, under opninga av Dei Nynorske Festspela i går kveld.

Utskrift E-post