Heim Nyhende SPRÅKBRUKSPLANAR

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har no vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer på ein mal som LNK har sendt ut, men dei fleste kommunane tilpassar malen med lokale justeringar.

Språkbruksplanar er viktige av di dei set språkspørsmål på dagsorden i kommunane og av di dei ofte plasserer ansvaret for kommunespråket hos ein etat eller avdeling. Planane fører til sikrare språkbruk hos tilsette og til ei meir medviten haldning i språkspørsmål generelt.

Mal for språkbrukssplan – ei orientering
Ein språkbruksplan i kommunen kan vere ein god reiskap til å skape debatt om og haldningar til korleis vi brukar språket. LNK oppmodar no alle medlemene om å nytte malen som eit utgangspunkt for diskusjon og endeleg vedtak om ein kommunal språkbruksplan.

Malen bør drøftast internt, t.d. i eige eige arbeidsgrupper, og tilpassast dei konkrete tilhøva i kommunen før han blir lagt fram til endeleg behandling. Når planen er vedteken må han gjerast kjent for alle tilsette. Han bør plasserast i personalhandboka, og delast ut til alle nytilsette.

Til malen høyrer to vedlegg som kan nyttast dersom ein ønskjer det: Utfyllande retningsliner og oversikt over praktiske hjelpemiddel.

Nynorskkommunar

Språkbruksplan for nynorskkommune

Språkbruksplan for nynorsk, samanslegen kommune

Retningslinjer for språkbruken i X kommune

Tospråklege kommunar

Notat om tospråklege kommunar

Språkbruksplan for språkdelt kommune

Språkbruksplan for språkdelt og samanslegen kommune

Retningslinjer for bruk av nynorsk og bokmål i X samanslegen kommune

Språkbruksplanane er utarbeidd av Jan Olav Fretland og Jostein Avdem Fretland.

Arbeidet med språkbruksplanar for språkdelte kommunar er støtta av Nordmøre Mållag.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...