På saklista - språkkurs

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Dosent Jan Olav Fretland frå Høgskulen i Sogn og Fjordane er fagleg ansvarleg for kursa våre. Han har òg skrive kursboka «På saklista. Språk og saksbehandling på papir og nett», ferdig og levert frå trykkeriet i desember 2015. Dette er tredje opplag av «På saklista»-kursheftet og denne versjonen er utvida. Mellom anna er det lagt større vekt på saksbehandling på nett. Kursopplegget femnar no vidare; i praksis er dette både eit språkkurs, eit saksbehandlingskurs og eit klarspråk-kurs.

Kursa går over to dagar og kurshaldarane er høgt kvalifiserte. Vi kan tilby kursa våre over heile landet. Målgruppa for kurset er regional og lokal forvaltning. Kurset tek utgangspunkt i og er tilpassa dei konkrete behova vi ser at nynorskbrukarane i forvaltninga har.

Kursheftet kan òg lesast som ei sjølvstendig lærebok.

For å tinga kurs, ta kontakt med Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Utskrift E-post