Mot til å meina

ProgramProgramI samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet gjennomførte kommunane Hjelmeland, Sauda og Time eit pilotprosjekt retta mot folk under 26 år. Målet var å snu trenden og auka det politiske engasjementet blant unge. Prosjektet er no ferdig. 

Sluttrapportane kan du lese her:

Evaluering - Håvard Teigen

Sluttrapport - Einar Schibevaag

LAST NED: Pedagogisk opplegg for vidaregåande skule (PDF)

Det treårige prosjektet har som målsetjing å få fleire til å ta del i politisk arbeid, i politiske parti og politiske interesseorganisasjonar fram mot 2011. Hovudmålet er å auka talet på unge listekandidatar i kommune- og fylkestingsval, og at fleire får plass i kommunestyra. Prosjektet arbeider også for at det totalt blir større oppslutning i vallokalet frå denne gruppa ved neste kommuneval.

Sentralt i arbeidet står dei tre vidaregåande skulane som kommunane soknar til; Sauda, Strand og Bryne vgs. Det er sett ned ei gruppe med elevar frå dei tre vidaregåande skulane. Denne gruppa skal gi råd om korleis ein kan motivere ungdom til politisk engasjement og meine noko om kva som må til for få fleire ungdommar med i politisk arbeid.

Meir om Mot til å meina:

- Me vil og engasjere oss

54 prosent av ungdommane vil ikkje ha røysterett for 16-åringar

Utskrift E-post