Pressemelding: - Lokalaviser viktige for språkleg identitet

Avtroppande styreleiar i LNK, Jan Magne Dahle, peika på den viktige rolla lokalavisene har for det nynorske språket i sin siste leiartale på Sand i Suldal.

 

- Slik eg ser det, har lokalavisene spelt ei avgjerande rolle i danninga av språkleg identitet hos generasjonar av skuleelevar, sa han til dei rundt 100 frammøtte på landstinget til Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK).

 

Dahle la vekt på at skulen og norskfaget også er ein viktig arena for å byggje språkleg identitet. Diskusjonane om målformene i norskfaget uroar Dahle.

- Det hastar med å finne gode tiltak som kan gjere norskfaget med målformene nynorsk og bokmål til eit fag som har prestisje, og der det gjev status å kunne skrive godt og korrekt norsk uansett målform, meinte LNK-styreleiaren.

- Dessutan, og det er det viktigaste: Ei endring i retning av frie val når det gjeld krav til kompetanse i begge målformer i grunnskulen og i studieretningar som kvalifiserer til våre høgste utdanningar, kan raskt endre statusen til det nynorske skriftspråket frå å vere eit nasjonalspråk til å bli eit reservatspråk, heldt han fram.

Kva har så organisasjonen LNK gjort for å gjere det lettare å vere nynorskbrukar, spurde Jan Magne Dahle i leiartalen.

- Svaret er mellom anna at vi også produserer mykje tekst. Dels er denne teksten i blad- eller magasinformat, men det meste er nettbasert. Vi har sett det slik at om ikkje nynorsken blir synleg på nett, så vil målforma ha vanskeleg for å overleve som nasjonalt språk, var svaret han gav.

Jan Magne Dahle har vore styreleiar for LNK i åtte år.

UtskriftE-post