Pressemelding: Vil ha breiare nynorsklitteratur

Forfattar Ingelin Røssland (35) meiner nynorsk barne- og ungdomslitteratur er for snever. – Kanskje har nynorsklitteraturen blitt for flink, undra ho seg under paneldebatten på LNK sitt landsting i Suldal.

 

- Problemet for nynorsk barne- og ungdomslitteratur er at viss det blir gitt ut 50 barne- og ungdomsbøker i løpet av eitt år, så kjem det ut 500 på bokmål. Bokmålslitteraturen er breiare og femnar meir om populærkulturen. Vi treng fleire popkulturbøker på nynorsk som “Dystopia” av Terje Torkildsen, slo Røssland fast.

 

- Vi treng den breie litteraturen. Enkle bøker på nynorsk, ikkje bare “feinschmeckere”. Gode historier på nynorsk, noko Maria Parr si “Tonje Glimmerdal” er eit godt døme på. Kanskje nynorsk litteratur har blitt for fin, for flink. Eg vil gjerne ha fleire terningkast 3 og G-karakter-forfattarar på nynorsk. Marit Kaldhol si ungdomsbok “Søkeord Ayotzintli” er ei fin bok, men ikkje for dyslektikarar. For mange nynorskforfattarar hadde S i norsk, medan nokre av bokmålsforfattarane kanskje hadde G, held forfattaren frå Tysnes fram.

Ho oppmoda representantane frå LNK-kommunane om å gå inn for at kommunane skal kjøpe inn bøker av gode nynorskforfattarar.

- Kvifor kjøper ikkje kommunane inn bøker av Maria Parr? Ho har fått mange prisar, men har selt rundt 10.000 bøker. Endre Lund Eriksen sine bøker om Pitbull-Terje sel 10.000 i løpet av eit par veker. Kvifor kan ikkje kommunane vere med og gjere ho større, spurde Røssland.

Ingelin Røssland debuterte med “Viss du vil” i 1998. Sidan har det kome fleire bøker frå hennar penn. Den siste er “Engleslakt” som er siste boka i trilogien om Engel Winge.

35-åringen er ikkje så opptatt av språk og målform i sin forfattarskap.

- Mitt mål når eg skriv, anten på bokmål eller nynorsk, er at lesaren ikkje skal tenke på språket. Berre gli gjennom. Viss nokon tatt bort nynorsken i morgon, hadde eg ikkje slutta å skrive. Skrivetrongen så sterk, fortalde ho.

BILETTEKST:

- FOR FLINKE: Forfattar Ingelin Røssland meiner nynorske forfattarar er for flinke. (Foto: Lene Kristine Mo, Norsk Plan)

Last ned bilde her.

UtskriftE-post