Pressemelding: Målpris til Sogndal Fotball

Målpris til Sogndal Fotball

Sogndal Fotball er vinnaren av LNK sin pris for offentleg målbruk. – Det er utruleg kjekt å få ein slik pris. Nynorsk er i ryggraden vår, slår dagleg leiar Egil B. Mundal fast.

Styret i LNK grunngjer tildelinga av målprisen til fotballaget slik: “Det at de brukar nynorsk naturleg i ei verd som er så dominert av bokmål, er viktig for holdningane til dette språket, både i lokalmiljøet og nasjonalt. Nynorsk blir ikkje sidrompa når det er på ei fotballside det står om ”Siger på vindfulle La Manga” eller ”heimetrøye”. Særleg når Tone Damli Åberge er med og reklamerer for trøya.”

Dagleg leiar Egil B. Mundal er på LNK sitt landsting på Sand i Suldal for å ta imot prisen saman med marknadssjef i Sogndal Fotball, Rasmus Mo.

-At ein fotballklubb får ein slik pris er spesielt å oppleve. Det betyr at arbeidet vi har gjort med å byggje ein merkevare har blitt lagt merke til. Som representant for norsk toppfotball er det lett å bli stolt av å få ein slik pris, seier marknadssjefen.

LES: Heile grunngjevinga for tildeling av prisen.

-Å få ein slik pris opnar eit nytt utstillingsvindauge for oss, og det skal vi bruke ærleg, legg han til.

-Kanskje kan merksemda vi får i samband med denne prisen gjere at vi får ein ny nasjonal samarbeidspartnar på sikt, seier dagleg leiar Egil B. Mundal.

Nynorsk i ryggraden

Sjølv om nynorsk sit i ryggraden til dei to sogndølane og til dei fleste tilsette i klubben er dei bevisste på at det som blir skrive i klubben sin regi skal skrivast på nynorsk.

-Dei tilsette som ikkje skriv nynorsk, får heller ikkje publisere noko. Mediasjefen vår er frå Moss, og når han har skrive noko, les vi andre korrektur før vi publiserer det, fortel Mundal.

Bygda Sogndal Fotball held til i har 3750 innbyggjarar, medan det bur 7000 i heile kommunen. Fotballaget har 2200 medlemmer, men dei som trur at Sogndal Fotball bare er eit fotballag, som denne sesongen skal spele i eliteserien, tar feil.

Meir enn ein fotballklubb

Bygginga av Fosshaugane Campus starta for 15 år sidan. Sidan då har det blitt bygd for 1,2 milliardar kroner i området rundt stadion. I dag er Fosshaugane Campus ein arena som husar vidaregåande skule og høgskule, i tillegg til ein del næringar som kommunikasjons- og designbyrå, arkitektkontor, medieavdelingen til fotballklubben og NRK.

-Fosshaugane Campus er eit kunnskaps- og kompetansesenter der fotballklubben er ein sentral aktør og eigar, fortel Mundal.

Sogndal Fotball har eit velkjent motto: Stao nao pao!

-Vi har ei setning som følgjer dette – I Sogndal utviklar vi det vi er best på, sluttar den daglege leiaren for prisvinnaren.

LNK sin målpris skal gå til ei offentleg verksemd som har arbeidd for å fremje nynorsk språk, men han kan også gå til einskildpersonar som er markerte nynorskbrukarar i det offentlege rommet. Den første prisen vart delt ut i 1993.

Prisen har tidlegare gått til Ullensvang herad, Vågå reiselivslag, Fylkesmannen i Rogaland, Odd Nordstoga, Lotteritilsynet, Peer Gynt-spelet og Hordaland Teater.

Bilete 1 (Klikk på biletet for høgoppløyseleg versjon):

 

Egil B Mundal (til venstre) og Rasmus Mo i Sogndal Fotball er stolte over å få målprisen frå LNK. (Foto: Elin Moen Karlsen, Norsk Plan)

UtskriftE-post