– LNK er meir enn ein språkorganisasjon

LNK har nyleg gjennomført ei kartlegging blant lesarane av LNK-avisa og lnk.no. Målet er å kartlegge kva lesarane veit om organisasjonen, og kva dei meiner redaksjonen bør arbeide med vidare. 293 personar har svart på kartlegginga, av desse er 201 abonnentar av LNK-avisa.

Heile 86 prosent svarer at dei les LNK-avisa ofte, medan 47 prosent svarer at dei les kvar utgåve av avisa. Fleirtalet av dei som har svart er tilsette i det offentlege eller lokalpolitikarar, og i stor grad menn i alderen 50 - 59 år. Hordaland er det fylket der flest har svart.

Medan abonnentane av LNK-avisa meiner det er passeleg stoffmengde i dag av saker som til dømes kommunesamanslåing, språkpolitikk i skulen og nynorsk i offentlege selskap så vil 74 prosent lese meir om distriktsutvikling i avisa.

Kartlegginga viser også at lesarane av LNK-avisa og lnk.no er samde i påstanden om at organisasjonen arbeider for å styrke nynorsken i det offentlege rommet, og at LNK kan vere ein rådgjevar og støttespelar for kommunen i språkspørsmål. Medan fleirtalet av dei som har svart er usikre på om det stemmer at LNK arbeider med andre saker enn språk.

– Eg er nøgd med oppslutnaden omkring kartlegginga, men merkar meg at mange trur at LNK framleis er ein rein språkorganisasjon. Det er me ikkje lenger. Det er viktig å få fram at LNK ikkje er noko kamporganisasjon for språk, men ein interesseorganisasjon for medlemene våre - kommunar som har valt å bruka nynorsk, seier dagleg leiar Vidar Høviskelnd.

– I 2001 vedtok landstinget at LNK skulle setja språk inn i ein større samanheng, og me skulle synleggjera samanhengane mellom språk, identitet, kultur og næringsutvikling. Dei svara me har fått inn i denne brukarkartlegginga tyder på at me må bli endå meir tydelege på dette området.

205 har svart at dei fekk vite om LNK via kommunen sin, andre svar er Noregs Mållag, Dag og Tid, Facebook og tips frå venner og kjende.

 

Les meir om LNK på lnk.no

facebook.com/lnk

lnk.no/lnk

 

For meir informasjon

ta kontakt med

 

dagleg leiar i LNK

Vidar Høviskeland

90 50 66 17

 

UtskriftE-post