Pressemelding: Solfrid Borge innstilt som ny leiar i LNK

Solfrid Borge frå Ullensvang er innstilt som ny leiar i LNK. Borge er ordførar i Ullensvang herad og har sete i styret til LNK sidan 2007. Ho har også vore leiar i Diktarvegen.

Sitjande styreleiar Astrid Myran Aarvik ynskjer ikkje å ta attval som leiar, men blir sitjande i styret til LNK. Laura Seltveit frå Sauda tek ikkje attval, og valnemda har innstilt Halvor Lilleslett, ordførar i Gol kommune, som ny fast styremedlem.

Nye varamedlemmer er Liv Kari Eskeland, ordførar i Stord kommune og Kari Vaage Gjuvsland, varaordførar i Suldal kommune.

Årsmøtet til LNK blir gjennomført under Landstinget på Voss 23 - 25 april. Les programmet til landstinget her: http://lnk.no/images/stories/landstinget2013/LNK_Landsting_2013_program_og_invitasjon.pdf

For meir informasjon
ta kontakt med dagleg leiar i LNK

Vidar Høviskeland
90 50 66 17

UtskriftE-post