LNK vil spreie kulturmakta i Noreg


– Flytt Kulturrådet ut av hovudstaden, skjerp språkpolitikken og ta omsyn til kulturlivet i heile landet. Det føreslår Landssamanslutninga av nynorskkommunar i ei høyringsfråsegn.

 

 

– Vi åtvarar mot ei utvikling der stadig fleire oppgåver og tilskotsordningar vert lagt til éin stad, då dette er i motstrid til ønsket om auka maktspreiing, seier dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Vidar Høviskeland.

Nyleg vart det gjennomført nedskjeringar, og med eit pennestrøk forsvann ein tredjdel av støtta til bøker på nynorsk, noko som kjem til å ramme den nynorske bokproduksjonen både i dei store forlaga og i mindre forlag med meir regionale nedslagsfelt. Det er viktig å ha eit blikk for om dei ulike tilskotsordningane kjem til nytte for kulturarbeidet i heile landet, meiner LNK.

– Oslo-dominans
I dag er sekretariatet i Norsk kulturråd plassert i Oslo og ein stor del av fondsmidlane går til tilskotsmottakarar i Oslo. Enger-utvalet peikar på at Kulturrådet har blitt oppfatta som Oslo-sentrert blant kulturaktørar i andre delar av landet. Når det gjeld samansetting av råd og fagutval har Kulturrådet i dag, slik LNK ser det, ein overrepresentasjon av folk frå Oslo.

– LNK meiner det finst gode erfaringar med å flytte statlege verksemder ut av Oslo, og ber om ei vurdering av om faglege omsyn talar mot at ein fagadministrasjon kan liggja andre stader enn i hovudstaden, seier Vidar Høviskeland i LNK.

Maktspreiing
Kulturutgreiinga (Enger-utvalet) drøfta omorganiseringa av arkiv-, bibliotek- og museumssektoren. Grunngjevinga vart omtalt som «utydeleg» og det vart vidare oppsummert at «overføringen av utviklingsoppgaver på arkiv- og museumsområdet til Norsk kulturråd kan bidra til en utydeliggjøring av Kulturrådets rolle som armlengdeorgan». Utvalet uttalte også at «det er problematisk å gi institusjoner som selv er aktører på kulturfelt tilsynsmyndighet på disse feltene".

LNK ynskjer at gruppa problematiserer at det same organet som utøver eit uavhengig kunstnarleg skjøn (armlengds avstand) samstundes mottek ei stadig aukande mengd delegerte forvaltningsoppgåver frå departementet.

– Me ber vidare om ei vurdering av om omorganiseringa av abm-sektoren, der bibliotekoppgåvene blei skilt ut til Nasjonalbiblioteket og arkiv- og museumsfeltet overført til Kulturrådet, har fungert, eller om det er meir tenleg at eit eige organ har utviklingsansvaret for heile abm-sektoren, seier Vidar Høviskeland vidare.

Mest bokmål?
LNK ber også utgreiingsgruppa om å drøfte tiltak for å få til ei profesjonalisering av innhenting av kulturstatistikk. For å sikre at kulturmidlane kjem heile landet til gode og positivt verker til ei betre jamstelling mellom dei to offisielle målformene, ber LNK gruppa vurdere innføring og bruk av faste måleindikatorar for geografisk nedlagsfelt (på kommunenivå) og om kunstnarlege produksjonar kjem på norsk (med fordeling mellom nynorsk og bokmål).

UtskriftE-post