LNK i spennande møte med KMD

Grete Ellingsen er statssekretær i Kommunal- og moderniserigsdepartementet. Foto. KMDGrete Ellingsen er statssekretær i Kommunal- og moderniserigsdepartementet. Foto. KMD

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) var i dag i møte med Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) for å drøfta korleis den årvisse løyvinga til LNK kan koma på fast plass i statsbudsjettet.

 

– Dette var eit spennande møte med KMD. Me presenterte det arbeidet LNK driv og me drøfta korleis den årvisse løyvinga til LNK kan koma inn i meir ordna former, seier Liv Kari Eskeland (bildet til høgre).

Ho er styremedlem i  Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), og møtte i dag statssekretær Grete Ellingsen (bildet øvst) og seniorrådgivar Janne Marie Larsen i Kommunal – og moderniseringsdepartementet, saman med dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

Dei to siste åra er det Kommunalkomiteen på Stortinget som har sikra statstilskotet til LNK. Organisasjonen har i denne perioden ikkje vore inne i det ordinære Statsbudsjettet.

– Me er sjølvsagt glade for det store engasjementet  Kommunalkomiteen og alle dei politiske partia på Stortinget har hatt, men ordninga skapar naturleg nok uvisse, og det vil gje oss meir arbeidsro og effektiv drift dersom tilskotet frametter vert løyvd direkte over statsbudsjettet, seier Høviskeland.

– Det er tydeleg at politisk leiing i departementet har forståing for saka og viser vilje til å få til ei løysing. Eg sit med ei god kjensle etter møtet, seier Liv Kari Eskeland i ein kommentar.

Utskrift E-post